Rektor
Fjord kommune
- Arbeidssted
- FJORD, EIDSDAL, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 19. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Eidsdal skule er ein 1.–10.-skule idyllisk plassert i bygda Eidsdal i Fjord kommune, omgitt av spektakulær natur og verdsarvområde. Skulen har om lag 50 elevar og eit engasjert personale som arbeider saman for å skape eit trygt, inkluderande og utviklande læringsmiljø for alle elevar. Skulane i Fjord kommune deltek i eit toåring læringsmiljøprosjekt, og har tett tverrfagleg samarbeid med barnehage, PPT og helsestasjon.
Som ein mindre skule har vi nærleik til elevane og gode moglegheiter for å sjå den enkelte. Vi legg vekt på læring, trivsel og fellesskap, og har eit tett samarbeid med føresette, lokalsamfunn og andre tenester rundt barn og unge. Gjennom målretta utviklingsarbeid arbeider vi for å gje elevane eit best mogleg grunnlag for vidare utdanning og livsmeistring.
Eidsdal skule er kjent for sitt innovative utviklingsarbeid gjennom satsinga Verdsarvskulen, der berekraft, kulturarv, natur og lokalsamfunn er integrert i læringsarbeidet. Skulen har gjennom mange år utvikla ein sterk kultur for prosjektbasert læring, samarbeid med lokalsamfunnet og aktiv bruk av nærområdet som læringsarena. Skulen har eit aktivt samarbeid med Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv og samarbeidsskulen i Gustavus, Alaska (USA). Vidare er skulen medlem i UNESCO sitt ASPnet (Associated Schools Project Network) og i FN-sambandet sitt skulenettverk som godkjend FN-skule.
Som rektor får du høve til å vidareutvikle ein skule med ambisjonar for både læring, trivsel og berekraftig samfunnsutvikling.
ArbeidsoppgåverLeie og vidareutvikle Eidsdal skule sitt lærings- og utviklingsarbeid i tråd med kommunen sine satsingar
Utøve personalleiing og bidra til eit godt arbeidsmiljø
Sikre god forvalting og kontinuerleg kvalitetsutvikling i tråd med gjeldande lov- og regelverk
Ha ansvar for økonomistyring, budsjettoppfølging og resultatkontroll
Fremje og sikre godt samarbeid med elevar, føresette, tilsette og relevante samarbeidspartar
Delta i og leie tverrfagleg samarbeid for å styrkje barn og unge sine oppvekstvilkår
KvalifikasjonarGodkjend pedagogisk utdanning frå høgskule eller universitet
Formell skuleleiarutdanning (rektorutdanning), eller vilje til å ta denne
Erfaring frå skuleleiing, eller anna relevant leiarerfaring. Gjerne undervisningserfaring frå skule i tillegg
Kunnskap om økonomistyring og bruk av IKT og teknologi
Oppdatert kompetanse om forsking innan skuleutvikling og evne til å omsetje denne kunnskapen til praksis gjennom profesjonsfagleg samarbeid
God kompetanse innan personalleiing og arbeidsmiljø
Personlege eigenskaparVi søkjer ein leiar som:
Skapar tillit, motiverer og bygg gode relasjonar
Kommuniserer tydeleg, inkluderande og inspirerande for å engasjere medarbeidarar
Er målretta, utviklingsorientert og handlekraftig
Har erfaring med utviklingsarbeid
Set elevane si læring, trivsel og utvikling i sentrum
Samarbeider godt med leiarteam, tilsette, elevar, føresette og andre samarbeidspartnarar
Har god digital kompetanse og bruker teknologi for å fremje læring
Har gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyrLønn i samsvar med kommunale vilkår
Pensjon i SPK
Ordning for sletting av studielån gjennom lånekassa (inntil kr. 25.000)
Låg foreldrebetaling i barnehage (kr. 700 pr. mnd.)
KontaktinformasjonMariann Ringdal Birkhol, Kommunalsjef Oppvekst og kultur, +47 41867830
ArbeidsstadLangereiten 23
6215 Eidsdal
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Fjord kommune
Referansenr.: 5189479705
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.