Helsefagarbeidar
Nordøyane heimeteneste
- Arbeidssted
- HARAM, LONGVA, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 27. sep. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vi søkjer ein engasjert helsefagarbeidar i fast stilling på 91,11%, for tida knytt til Nordøyane heimeteneste og Nordøyane dagsenter. Dette er ei stilling for deg som trivst med varierte arbeidsoppgåver. Om lag 20 % av stillinga er ved dagsenteret, medan resten av stillinga er knytt til heimetenesta.
Stillinga inngår i turnusordning og omfattar for tida arbeid på dag og kveld, samt nattevakter kvar tredje helg.
Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Haram omsorgstenester består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommunen sine BPA-ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i avdelingane våre, fokusere på fag og gi gode tenester til tenestemottakarane.
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
ArbeidsoppgåverIvareta oppgåver knytt til stillinga som helsefagarbeidar.
Pleie og omsorg til brukarar.
Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og elevar/lærlingar/studentar.
Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
Bidra til å realisere kommunen og eininga sine visjonar, mål og planar.
Bidra til eit godt samarbeid mellom brukar og pårørande.
Bidra til eit godt arbeidsmiljø.
KvalifikasjonarOffentleg godkjent helsefagarbeidar.
Førarkort klasse B.
Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg, med norskkompetanse på B2-nivå. Det blir lagt vekt på gode kommunikasjonsevner og evne til å kommunisere tydeleg med brukarar, pårørande og kollegaer.
Tilstrekkeleg IT-kompetanse til å kunne arbeide i journalsystem med pasientoppfølging.
Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Personlege eigenskaparDu har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Du må vere oppteken av fag og framtid.
Du må vere løysingsorientert og engasjert.
Du må kunne rettleie kollegaer og elevar/lærlingar/studentar.
Du har gode evner til å arbeide sjølvstendig i pasientoppfølging og i dialog med pasient/pårørande.
Du har gode evner til å følgje oppgitte mål for kvar enkelt pasient, og er oppteken av å gjere pasienten mest mogleg sjølvstendig.
Du må kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Du har godt humør og ei positiv framtoning.
Du har lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer, og eigenskapar til å bidra til eit godt omdøme.
Du ønskjer å arbeide etter omsorgstrappa, og er oppteken av at pasientar får rett tilbod på rett plass.
Vi tilbyrEit godt fagmiljø og god kollegastøtte.
Vi har stor fokus på teknologi og alternative måtar å arbeide på.
Løn etter tariff.
KontaktinformasjonTone Elise Austnes, Avdelingsleiar, 47684062, tone.elise.austnes@haram.kommune.no
Ingrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 90751954, ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.no
ArbeidsstadØvstevegen 200
6293 Longva
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5176537193
Stillingsprosent: 91,11%
Fast
Søknadsfrist: 27.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.