0203 Rådgiver
Statsforvaltaren i Vestland
- Arbeidssted
- BERGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 30. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om stillinga
Kvart år behandlar Statsforvaltaren i Vestland fleire tusen krav om innsyn frå innbyggarar, media og advokatar. Kvart krav krev raske og grundige vurderingar etter offentleglova og anna relevant regelverk. No søkjer vi ein jurist som trivst med høgt tempo, faglege utfordringar og viktige avgjerder. Innsynskrava gjeld saksdokument frå heile breidda av statsforvaltaren sitt virke – barnevern, helse og omsorg, plan- og byggesaker, landbruk, alkoholsak, klagebehandling og meir. Du får difor oversikt over korleis statleg forvaltning fungerer i praksis, og samarbeider tett med fagfolk frå mange fagområde.
Mange av dokumenta inneheld sensitive opplysningar, noko som set høge krav til handsaminga opp mot gjeldande regelverk. Fristane er korte, og arbeidstempoet er til tider høgt. Arbeidet er viktig: Innsyn er ein føresetnad for open forvaltning, samstundes som vi sikrar rettstryggleiken til enkeltmenneska det gjeld. Vil du bidra til dette i eit godt og triveleg arbeidsmiljø?
Stillinga ligg i avdelinga organisasjon og strategi, med kontorstad i Bergen.
Arbeidsoppgåver
Juridisk vurdering og handsaming av innsynskrav, åleine og i samråd med fagavdelingane
Handsaming av klager på avslag på innsyn
Utsending av saksdokument
Rettleiing til saksbehandlarar og publikum om innsynsreglane
Eventuelt andre oppgåver innanfor fagområdet
Kvalifikasjonar
Cand. jur. eller master i rettsvitskap
Erfaring frå offentleg forvaltning og offentleglova
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Gode digitale ferdigheitar
Erfaring med handtering av innsynskrav
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
arbeider strukturert og nøyaktig
trivst med å ta sjølvstendige avgjersler
set deg raskt inn i nye problemstillingar
samarbeider og kommuniserer godt
trivst i et høgt arbeidstempo
Som tilsett hos Statsforvaltaren får du: interessante arbeidsoppgåver
eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
ein arbeidsplass i utvikling
medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning
trening i arbeidstida
delvis heimekontor
fleksibel arbeidstid
løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk
Vi ønskjer mangfald: Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endringar av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer tilsette med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju. Vilkår Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt og laste opp relevante vitnemål og attestar. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå HK-dir. Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga. Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar, frå kr 630 000 - 740 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn. Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok. Tenestemålet til embetet er nynorsk. Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.
Kontakt
For meir informasjon, kontakt:Assisterande organisasjons- og strategidirektør Ola Alsterholm, tel. 57 64 30 18 / 94 81 23 42
Rådgjevar Flavia Alves da Corte André, tel. 55 57 20 38
Søknadsfrist: 30.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.