Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Vernepleiar/miljøterapeut i barneavlastinga

Meistring og psykisk helse, Stad kommune

Arbeidssted
STAD, NORDFJORDEID, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
15. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Søkjer du spennande utfordringar og eit godt fagmiljø i eit spennande tiltak, så kan dette vere stillinga for deg! Barneavlastinga har ledig ei 100 % fast stilling som vernepleiar/miljøterapeut frå 01.01.2027. Avdelinga er ein del av eininga Meistring og psykisk helse. Stillinga er inkludert 20 % frie timar. Turnusen er lagt opp med langvakter knytt til eit tiltak med 2:1 bemanning og vakter i Barneavlastinga. Arbeidshelg kvar fjerde helg med langvakter. Barneavlastinga gjev eit avlastingstilbod for familiar som har eit tyngande omsorgsbehov for sine barn. Barna har ulike behov for oppfølging og bistand. I avdelinga arbeider ein tett på barna gjennom miljøterapeutiske tiltak og individuelt tilpassa oppfølging. Som tilsett er du med på å skape tryggleik, meistring og gode dagar for barna. Stillinga krev at ein kan arbeide sjølvstendig, samtidig som du trivast med tett samarbeid i team. Arbeidsoppgåvene og arbeidsdagane er mange og varierte, og godt samarbeid er ein viktig faktor for både kvaliteten på tenestene og arbeidsmiljøet vårt.  Stillinga må sjåast i samanheng med pågåande interne prosessar i organisasjonen. Det blir derfor teke atterhald om at stillinga kan bli fylt gjennom intern tilsetjing. ArbeidsoppgåverVernepleiefaglege og/eller miljøterapeutiske oppgåver, miljøterapi, omsorg og behandling Ansvar for det faglege rundt barn og ungdom  Skape ein god heim Kartlegge og vurdere behov Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer Tverrfagleg samarbeid og arbeid i team Følgje opp miljøterapeutiske tiltak Utføre brukarretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav Oppfølging og dokumentasjon i pasientjournal  Tverrfagleg samarbeid KvalifikasjonarVernepleiar: Vernepleiar med autorisasjon  Miljøterapeut: Treårig helsefagleg, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på universitets- eller høgskulenivå  I tillegg er det ønskeleg med relevant vidareutdanning knytt til barn og unge og/eller psykisk helse Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg Aktuelle kandidatar må ha førarkort Personlege eigenskaparGode kommunikasjonsevner Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell - og sosial bakgrunn og med ulike livssyn. Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid Tek initiativ og ansvar Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre Personlege eigenskapar vil bli vektlagde Vi tilbyrHøve til eigenutvikling gjennom rettleiing og kurs Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk Gode pensjons- og forsikringsordningar Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt Vi ber om at vitnemål, attestar og referansar vert lasta opp saman med søknaden. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga Stad kommune har 6 månader prøvetid.  Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. Dersom du har spørsmål om stillingane kan du kontakte avdelingsleiar Stine Takle Piel tlf 41457801 KontaktinformasjonStine Takle Piel, Avdelingsleiar barnebustad, 41457801, stine.takle.piel@stad.kommune.no ArbeidsstadMyroldhaugvegen 43 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5195200500 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 15.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.