Vil du bli vår nye fagingeniør innan patologi?
Patologi - Haugesund Sjukehus
- Arbeidssted
- HAUGESUND, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 16. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du jobbe med moderne laboratoriedrift og bidra til rask og presis diagnostikk for pasientane våre?
Vi har ledig ei spennande stilling som fagingeniør ved patologilaboratoriet vårt i avdeling for laboratoriemedisin.
Her får du jobbe i eit moderne fagmiljø med utsikt over Smedasundet og det opne havet mot vest, frå lokala våre i den nye sørvestblokka.
På avdelinga har vi teke i bruk ny og avansert teknologi med høg grad av automasjon og digitale løysingar, og vi er stadig i utvikling. Vi arbeider med diagnostikk av sjukdomar gjennom undersøking av vev- og celleprøver. Kreftdiagnostikk er ein sentral del av verksemda vår, og arbeidet er avgjerande for at pasientar skal få rask og korrekt diagnose.
Som fagingeniør hos oss blir du ein viktig del av arbeidsflyten knytt til kreftdiagnostikk og persontilpassa behandling til kreftpasientar.
No leitar vi etter ein engasjert fagingeniør til ei fast heiltidsstilling. Dette er ei dagstilling med varierte arbeidsdagar. Du får høve til å lære om ulike delar av laboratoriet gjennom grundig opplæring.
Oppstart er etter avtale. Velkomen til å søkje hos oss!
ArbeidsoppgåverDelta i laboratoriet sitt rutinearbeid.
Betene og vedlikehalde medisinsk-teknisk utstyr.
Delta i laboratoriet sitt kvalitets- og forbetringsarbeid.
Rullere mellom arbeidsoppgåver innan fleire fagområde.
Ha delansvar for fagområdet immunhistokjemi.
Vere stadfortredar for fagansvarleg ved korttidsfråvær og ferie.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Bioingeniør med norsk autorisasjon
Anna relevant utdanning og erfaring kan også bli vurdert.
Kompetanse og erfaring innan immunhistokjemi og/eller patologi er ønskeleg, men ikkje eit krav.
Erfaring og kompetanse frå klinisk medisinsk laboratorium og kvalitetssikringssystem er ein fordel.
Kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system er ein fordel.
Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.
Kva ser vi etter hos deg?Vi ser etter deg som:
trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar eit høgt tempo
har god arbeidskapasitet og er motivert for å utvikle deg i fagfeltet
bidreg positivt til eit godt fagleg og kollegialt miljø
har god fagleg vurderingsevne og arbeider målretta, strukturert og nøyaktig
tek ansvar, arbeider sjølvstendig og bidreg til god flyt i arbeidsdagen
ser kva som må gjerast, og både tilbyr og tek imot hjelp
står trygt i krevjande situasjonar
Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Kvifor skal du velje oss?Løn etter avtale, ut frå dokumenterte kvalifikasjonar og erfaring.
Eit triveleg og aktivt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar.
Eit laboratorium og eit fagområde i utvikling.
Ein spennande og utfordrande jobb med gode høve til fagleg og personleg utvikling.
Vi oppmodar alle søkjarar til å bruke Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonHåvard Valvatne, Funksjonsleiar, havard.valvatne@helse-fonna.no
ArbeidsstadKarmsundsgt. 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5202955021
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.