Lærar/undervisningsstilling - 100% vikariat - Hordabø skule
Alver kommune
- Arbeidssted
- ALVER, BØVÅGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 20. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om stillingaDet blir ledig mellombels undervisningsstilling ved Hordabø skule i Alver kommune frå snarast og fram til 31.12.2026 - Stillinga kan bli forlenga.
Du kan lese meir om skulen her.
Om Hordabø skuleHordabø skule ligg i Bøvågen, nord på Radøy. Me har i dag rundt 125 elevar og 25 tilsette. Me har gode uteområde som legg til rette for læring gjennom leik og aktivitet. Skulen har fokus på å skape eit trygt og godt skulemiljø for alle elevar. I tillegg til læringsmiljøarbeidet er språk, lesing og skriving eitt av våre satsingsområde. Hordabø skule er nærskule til Radøytunet mottakssenter, me har difor elevar frå mange ulike nasjonalitetar. Dette gjev eit rikt og mangfaldig skulemiljø der me legg vekt på inkludering, respekt og fellesskap.
Arbeidsoppgåverplanlegge og gjennomføre undervisning i tråd med gjeldande læreplanar
systematisk samarbeid med kollegaer og leiing om elevane si læring og utvikling
aktiv deltaking i skulen sitt utviklingsarbeid
skape trygge og gode læringsarenaer der alle elevane er inkluderte
Kvalifikasjonskrav Det er ønskjeleg med lærarutdanning for 1-7 eller tilsvarande kompetanse.
Me er AlverMe får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneMe tilbyr
Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til mange
Tett fagleg samarbeid mellom kollegaer
Oppfølging og rettleiing
Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar og sjølvstende.
God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Politiattest I tråd med opplæringsl § 10- 9vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.