Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Vil du vere med og skape ein god skule- og SFO-kvardag for elevane våre?

Fjaler kommune Dingemoen skule

Arbeidssted
FJALER, DALE I SUNNFJORD, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
6. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vi ser etter deg som er ein trygg, varm og engasjert vaksen som trivst saman med barn, og som ynskjer å bidra til læring, meistring og gode opplevingar – både i skuletida og på SFO. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø der relasjonar, samarbeid og elevane si utvikling står i sentrum.  Arbeidsstad skuleåret 2026/2027 er  Dingemoen skule og SFO.   Arbeidsoppgåver byggje gode relasjonar til elevane gjennom heile skule- og SFO-dagen bidra til læringsstøttande og trivselsskapande aktivitetar leie barnegrupper i SFO gjennom aktiv deltaking i leik og læring samarbeide tett med lærarar, SFO-tilsette og andre fagpersonar vere ein aktiv og oppsøkande vaksen som ser både det enkelte barnet og fellesskapet ved behov gi heilskapleg oppfølging til enkeltelevar gjennom skule- og SFO-dagen Arbeidskvardagen er variert, og vi ser etter ein medarbeidar som tek initiativ, samarbeider godt og ser kvar det er behov for nærvær og støtte. Vi tilbyrein meiningsfull og variert arbeidskvardag eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer moglegheit til å bidra til eit trygt og inkluderande læringsmiljø løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk gode pensjons- og forsikringsordningar. Kvalifikasjonarfagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller anna relevant fagutdanning. søkarar utan fagbrev, men med relevant erfaring, kan og verte vurdert erfaring med eller kompetanse innan arbeid med barn med særskilde behov er ein fordel gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg gyldig politiattest må leggast fram før tilsetjing Personlege eigenskapar Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar. Vi ynskjer ein medarbeidar som: er trygg i møte med barn som kan utfordre og har høgt aktivitetsnivå har gode samarbeidsevner i ein aktiv og hektisk kvardag byggjer gode relasjonar og motiverer barn til læring og meistring er sjølvstendig og løysingsorientert tek ansvar og kan ta leiing når situasjonen krev det viser omsorg og bidreg til at alle barn kjenner seg inkluderte er påliteleg og ansvarsmedviten Velkomen som søkjar til Fjaler kommune! Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.    Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.