Vikariat Sjukepleiar 100%
Alver kommune
- Arbeidssted
- ALVER, OSTEREIDET, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 19. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om stillingaVi har ledig eit 100 % vikariat som sjukepleiar perioden november 2026 til april 2027. Det kan vere moglegheit for forlenging av vikariatet ved behov.
Helsefagarbeidarar kan og søke på stillinga, men sjukepleiarar vil bli prioritert.
ArbeidsoppgåverEr du klar for ein variert arbeidskvardag med stor grad av sjølvstende, fagleg utvikling og tett samarbeid?
Vi søkjer ein engasjert sjukepleiar til heimesjukepleien. Avdelinga samarbeider tett med omsorgsbustadene på Ostereidet, og vi har ei ordning med «sjukepleiar på topp». Dette inneber at sjukepleiarane samarbeider på tvers av avdelingane og bidreg med fagleg støtte der behovet er størst.
Som sjukepleiar hos oss får du arbeide med sjukepleiefaglege prosedyrar, fagleg oppfølging og administrative oppgåver. Du vil og vere tett på den daglege drifta og følgje opp brukarar i heimesjukepleien.
Vi legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid og jobbar tett med ulike fagmiljø for å gi best mogleg oppfølging og omsorg.
Dei siste åra har vi satsa mykje på velferdsteknologi og kvardagsmeistring. Dette gjer oss til ein spennande arbeidsplass i kontinuerleg utvikling. Alle utførte tenester skal dokumenterast i Profil.
Om avdelingaOstereidet heimeteneste er ei avdeling med høg fagleg kompetanse og engasjerte, dyktige medarbeidarar. Avdelinga har eit stort geografisk ansvarsområde som strekkjer seg frå Mundal til Dykolbotn, med avstikkarar til mellom anna Veland og Dalsgrend.
Hos oss får du spanande, varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit fagleg og inkluderande arbeidsmiljø.
KvalifikasjonskravAutorisasjon som sjukepleiar
Førarkort klasse B
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Kven er du?Ein som trivst med å arbeide sjølvstendig.
Du har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø.
Du er løysingsorientert og fleksibel.
Du er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga.
Du har ønskje om å bruke faget til det beste for brukarane våre.
Vi tilbyrEngasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
Fagleg utvikling
Årsturnus
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
God pensjonsordning gjennom KLP
PolitiattestI tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er AlverBli kjent med Alver kommune!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.