Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Head of Logistics

Ulstein Verft AS

Arbeidssted
ULSTEIN, ULSTEINVIK, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
20. sep. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Likar du å organisere, ta ansvar og skape resultat ilag med andre? Bli med oss som Head of Logistic!  ULSTEIN sitt engasjement for innovasjon, pålitelegheit og kundetilfredsheit har gjort oss til ein leiande aktør i den maritime industrien. Ulstein Verft leverer avanserte spesialfartøy til offshore energi- og havnæringane over heile verda, med teknologi, kvalitet og innovasjon i sentrum. Lager og logistikk spelar ei nøkkelrolle i gjennomføringa av prosjekta våre. Når vår mangeårige kollega no går av med pensjon, søkjer vi ein ny medarbeidar som vil ta stafettpinnen vidare. Vi ser etter deg som trivst med, planlegging, koordinering og  ta ansvar for å skape resultat ilag med andre. I stilling som Head of Logistics vil du ha ei sentral rolle i eit engasjert, framover lent og triveleg arbeidsmiljø. ArbeidsoppgåverFagleg leiing og utvikling av logistikkfunksjonen ved Ulstein Verft. Ansvar for logistikk og vareflyt frå ordre til levering, inkludert transport, varemottak, lagring, utlevering og eventuell retur av varer. Planlegging og koordinering av logistikkaktivitetar knytte til prosjektleveransar. Oppfølging og styring av vareflyt og logistikkprosessar gjennom prosjektfasane. Sikre effektiv logistikkgjennomføring i tett samarbeid med prosjektorganisasjonen og andre fagmiljø. Bidra til kontinuerleg forbetring av arbeidsprosessar, kvalitet og leveransepresisjon innan logistikk. Drift og bemanning av lagerfunksjonen, inkludert planlegging av ressursbehov, lagerkapasitet og tilgjengelege lagerlokasjonar. Ansvar for fortolling og tollrelaterte spørsmål, i dette fortolling av utstyr og skrog samt koordinering mot relevante partar. Koordinere laste- og losseoperasjonar i samarbeid med produksjon og andre involverte avdelingar. Byggje gode samarbeidsrelasjonar internt i organisasjonen og vere ein aktiv støttespelar for prosjekt, produksjon og andre avdelingar. Stillinga har ikkje personalansvar.   KvalifikasjonarErfaring frå lager/logistikk Formalkompetanse og/eller fagbrev innan lager/logistikk Erfaring frå maritim industri vil vere ein fordel Gode norsk -og engelskkunnskapar, munnleg og skriftleg Gode IT-kunnskap Personlege eigenskaparEngasjert og kreativ   Strukturert   God evne til å kommunisere og bygge relasjonar   Gode samarbeidsevner  Fleksibel   Vi tilbyrGode utviklingsmoglegheiter Interessante og varierte arbeidsoppgåver Eit godt fagleg miljø Gode pensjons- og forsikringsordningar Fleksitidsordning KontaktinformasjonDaniel Moltumyr, Department Manager Warehouse, 907 85 564 Inge Sleipnes, Supply Chain Manager, 900 63 683 ArbeidsstadOsnesvegen 110 6065 Ulsteinvik Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ulstein Verft AS Referansenr.: 5175488370 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 20.09.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.