Overlege, spesialist i psykiatri Regional avdeling spiseforstyrringar
Regional avdeling spiseforstyrringar, Helse Bergen HF
- Arbeidssted
- BERGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 4. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Regional avdeling spiseforstyrringar (RAS) er ein av fem avdelingar i Psykiatrisk klinikk, Divisjon psykisk helsevern. Tre avdelingar er lokalisert ved Sandviken sjukehus: Avdeling stemningslidingar, Avdeling psykiatrisk akuttmottak (PAM) og Avdeling spesialisert psykosebehandling. To avdelingar er lokalisert i Glasblokkene på Haukelandsområdet: Avdeling psykosomatisk medisin og Regional avdeling spiseforstyrringar.
Psykiatrisk klinikk har som ambisjon å vere eit fyrtårn innan psykisk helsevern. Vårt mål er at Regional avdeling spiseforstyrringar skal vere leiande i fagfeltet. Som overlege ved RAS vil du ha behandlingsansvar for pasientar i sengepost og bistå med veiledning i vårt tverrfaglige Responsteam. Du vil jobbe tett med eit høgspesialisert fagleg team saman med overlege, psykologspesialistar/psykologar, sosionom, klinisk ernæringsfysiolog og sjukepleiarar/psykiatriske sjukepleiarar. Teamet har fokus på gode pasientforløp på tvers av behandlingsnivå i Helse Vest.
RAS er ei av fire regionale einingar i Noreg, og gjev behandlingstilbod til pasientar med alvorlege spiseforstyrringar i Helse Vest. Avdelinga har eit døgntilbod med åtte sengeplassar samt eit eit tverrfagleg Responsteam, som tilbyr rettleiing til behandlarar og behandlingsteam i saker med alvorlege spiseforstyrringar i regionen. Vi har ansvar for utvikling av kompetanse innan spiseforstyrringar i Helse Vest. Kvalitetsarbeid og forsking er sentrale satsingsområde, og avdelinga har ei forskningsgruppe i samarbeid med Psykisk helsevern for barn og unge.
ArbeidsoppgåverUtgreiing og diagnostisering av pasientar knytta til avdelinga
Behandlingsansvar, planlegging og gjennomføring av behandling
Deltaking i tverrfagleg team
Samarbeid med lokale behandlingsteam for å sikre samanhengande pasientforløp
Rettleiing og formidling av kunnskap internt og eksternt i Helse Vest
Medverke til fagleg vidareutvikling av tenestetilbodet
Deltaking i bakvaktsordning for psykiatrisk klinikk
Rettleiing av LIS
KvalifikasjonarGodkjend spesialist i psykiatri
Erfaren lege i spesialisering (LIS 3) som snart er godkjend spesialist kan også søke
Det er ein fordel med erfaring frå behandling av pasientar med spiseforstyrringar
Søkar må meistre norsk på høgt nivå, både munnleg og skriftleg
Norsk autorisasjon
Personlege eigenskaparDu har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
Du er motivert, fleksibel og løysingsorientert
Du trivast med å jobbe i tverrfagleg team
Du har gode evne til kommunikasjon og samarbeid
Du bidrar aktivt til eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø
Vi legg vekt på at søkar er personleg eigna
Vi tilbyrEit engasjert fagmiljø og gode kollegaer
Høgt fagleg nivå
Anledning til forsking
Deltaking i kompetanseprogram inkludert deltaking i internasjonalt samarbeid på fagfeltet
Lønn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonKnut Olaf Skårdalsmo, Avdelingssjef, 55958774
Anders Hartwig, Overlege, 48248507
ArbeidsstadHaukelandsbakken 15
5009 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5181737007
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.