Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Psykologspesialist

Poliklinikk BUP Volda, Helse Møre og Romsdal HF

Arbeidssted
VOLDA, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
11. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vi har ledig 1 fast stilling for psykologspesialist ved poliklinikk BUP Volda! I Helse Møre og Romsdal HF er psykisk helsevern for barn og unge samansett av poliklinikkane i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda (BUP) samt ein døgnseksjon. Poliklinikken i Volda har eit godt arbeidsmiljø med spanande arbeidsoppgåver. Vi tilbyd differensiert poliklinisk utgreiing- og behandlingstilbod til barn, unge og familiar i 7 kommunar på Sunnmøre. Personalgruppa vår er sett saman av personar frå ulike yrkesgrupper som er organisert i tverrfaglege team. I tillegg har vi akutt ambulant team, spiseteam, traumeteam og familieteam. Vi gir tilbod om pasient- og pårørandeopplæring. Vi legg vekt på godt samarbeid med andre helsetenester, både i kommunane og i andre delar av spesialisthelsetenesta. Vi ynskjer å kunne tilby ein god balanse med høve til fagleg fordjuping, organisasjonsutvikling og differensierte kliniske arbeidsoppgåver. Skulle du ha planar om faglege utviklingsprosjekt eller forsking, kan det vere høve til å utvikle dette i samarbeid med fagpersonar med forskingsbakgrunn i seksjonen vår, eller eventuelt saman med samarbeidspartnerar vi har innan forsking og fagutvikling.  Frå november 2026 flyttar vi inn i nye lokaler i Volda sentrum.   ArbeidsoppgåverRettleiing av psykologar Poliklinisk utgreiing og behandling av born og unge med ulike psykiske lidingar Rettleiing og konsultasjon til foreldre, skule og nettverk Deltaking i samarbeidsfora rundt pasientar KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som psykolog Fullført spesialitet med fordjuping i barne- og ungdomspsykologi Psykologar som har maks 1 år igjen av spesialiseringsløpet kan også søke Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Politiattest må leggast fram før tilsetting Personlege eigenskaparDu trivast i rettleiingsrolla Du har interesse for fagutvikling og engasjement for utvikling av eigen arbeidsplass Du arbeider sjølvstendig Du har gode samarbeids og kommunikasjonsevner, og kan jobbe strukturert og målretta Du har evne til å skape trivsel i ein travel arbeidskvardag Det å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting   Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid Tilrettelegging for fagleg utvikling Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.  Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her.- Og her. KontaktinformasjonKari Standal, Seksjonsleiar, +47 70058570, kari.standal@helse-mr.no ArbeidsstadKløvertunvegen 1 6103 Volda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5201290142 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 11.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.