PPR
Øygarden kommune PPR
- Arbeidssted
- ØYGARDEN, STRAUME, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 18. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om avdelingaVi søkjer logoped/PP-rådgjevar i 100 % vikariat frå 01.01.2027. Pedagogisk psykologisk ressurssenter (PPR) er ei samla fagavdeling innan oppvekstområdet. PPR omfattar mellom anna PP-tenesta, fagavdeling for barnehage og skule, logopedtenester, spesialpedagogiske tenester i barnehage og oppgåver knytte til barnehagemynde.
Stillinga er plassert i PP-tenesta og vil ha ei sentral rolle i arbeidet med logopedisk rettleiing og oppfølging i barnehage og skule, samtalar med barn og unge og sakkunnig utgreiingsarbeid. Vi legg vekt på å nytte den unike fagkompetansen til kvar enkelt medarbeidar.
Satsingsområda våre er inkluderande pedagogikk og nyare utviklingspsykologi med fokus på relasjonar og samspel, førebygging, tidleg innsats og pedagogisk-psykologisk utviklingsarbeid. BTI, Språkkommune, Trygt og godt og inkluderande læringsmiljø er sentrale satsingsområde.
Kontorarbeidsplassen er for tida sentralt plassert i Straumeområdet, men vert flytta til Skogsvåg våren 2027. Tilsette i PPR arbeider ute i einingar over heile kommunen.
ArbeidsoppgåverLogopedisk rettleiing og rådgiving til føresette, barnehagar og skular
Logopedisk oppfølging av barn i barnehagealder og elevar i grunnskulen
Utgreiing av språk- og talevanskar
Rapportskriving og deltaking i tilbakemeldingsmøte
Utarbeiding av sakkunnige vurderingar
Samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar og deltaking i ulike team
Kontaktansvar for einingar
Bidra til kompetanseutvikling og fagleg rettleiing i barnehage og skule
KvalifikasjonarMå-kravMastergrad i logopedi eller tilsvarande logopedutdanning
Erfaring i logopedisk utgreiing og oppfylging av barn og unge
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Evne til å nytte nynorsk som administrasjonsspråk
Ønskjelege kvalifikasjonarBakgrunn som grunnskulelærar eller barnehagelærar
Erfaring frå PP-teneste eller spesialpedagogisk arbeid
Erfaring med rettleiing av føresette og fagpersonar
Personlege eigenskaparVi søkjer deg som:
Har gode samarbeids- og relasjonsferdigheiter
Arbeider fleksibelt, målretta og løysingsorientert
Har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
Er strukturert og kan handtere fleire oppgåver samstundes
Har interesse for tverrfagleg samarbeid og utviklingsarbeid
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
AnnaSøkjar må kunne nytte eigen bil i tenesta
Gyldig politiattest må leggjast fram før tilsetjing
Vi tilbyr:Gode pensjons- og forsikringsordningar
Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
Interessante utfordringar
Høve til fagleg og personleg utvikling
Rettleiing og samarbeid med erfarne fagpersonar
KontaktpersonMerete Nygård Ingebrigtsen
Einingsleiar
Merete.ingebrigtsen@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.