Rådgjevar informasjonssikkerheit og KI
Kommunedirektøren sin stab, Haram kommune
- Arbeidssted
- HARAM, BRATTVÅG, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 1. nov. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vi søkjer ein dyktig og engasjert medarbeidar til ei spennande stilling i hjartet av digitaliseringsarbeidet i kommunen, som rådgjevar i informasjonssikkerheit og KI. Stillinga er organisert under kommunedirektøren sin stab i fagområdet organisasjonsutvikling og digitalisering. Fagområdet er fagleg leia av seniorrådgjevar.
Samfunnet og kommunen si rolle er i stadig utvikling, der vi i framtida mellom anna må nytte kunstig intelligens (KI) innan stadig nye fagområde. Som utviklar og forvaltar av store verdiar, må informasjonssikkerheit og personvern vere i fokus. I stillinga vil ein mellom anna ha eit særleg ansvar for oppgåver og system relatert til dette, samt opplæring av tilsette og leiarar i system og lovverk.
Ein har eit nært samarbeid med e-kommune Sunnmøre som driftar kommunen sine IT-system. Ein må også bidra aktivt inn i utviklingsprosjekt der fagtenestene i kommunen tek i bruk eller endrar sine digitale system, samt tilretteleggje og gje faglege råd i avgjerdsprosessar. Digitalisering og utviklingsarbeid skal i Haram kommune skape meirverdi og gje gevinst.
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
ArbeidsoppgåverArbeid relatert til IT-sikkerheit og personvern, til dømes:
Prosedyrar og rutinar for informasjonssikkerheit og personvern.
ROS og DPIA (Data Protection Impact Assessment)- analyser.
Beredskap informasjonssikkerheit og personvern.
Gjennomgang av nye databehandlaravtalar og oppfølging og kontroll av eksisterande avtalar.
Behandlingsprotokollar i forhold til GDPR artikkel 6.
Oppfølging av informasjonssikkerheitskampanjar og andre bevisstgjerings- og opplæringstiltak.
Systemadministratorroller i relevante system, til dømes:
System knytt til informasjonssikkerheit og personvern
System knytt til opplæring
System knytt til kvalitetsstyring
Oppgåver knytt til dokumentering, organisasjonsutvikling og prosjekt.
Andre oppgåver innan kommunedirektøren sin stab kan kome til.
KvalifikasjonarRelevant høgare utdanning innan informasjons- og datateknologi (IT), helst på masternivå. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Erfaring med eitt eller fleire av desse temaa er ein fordel:
Kunstig intelligens (KI).
Informasjonssikkerheit og personvern.
Digitale innovasjonsprosessar og systemarbeid.
Personlege eigenskaparDu er modig, grundig og har evne til å meistre høgt arbeidspress og komplekse arbeidsoppgåver.
Du har god system- og rolleforståing, og har gode problemløysarevne.
Du er god til å planleggje og er resultatorientert.
Du har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skape tillit.
Vi tilbyrUtfordrande oppgåver i ein organisasjon i utvikling, med stort potensial og kompetente kollegaer.
Godt arbeidsmiljø i nye og moderne fasilitetar på tenestehuset i Brattvåg.
Løn etter avtale. Pensjonsordning gjennom KLP og gode forsikringsordningar.
IA- bedrift og fleksibel arbeidstidsordning.
KontaktinformasjonPetter Sortevik, Stabssjef, 95479474, petter.sortevik@haram.kommune.no
ArbeidsstadStrandgata 40
6270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5195125546
Stillingsprosent: 60%
Fast
Startdato: 01.01.2027
Søknadsfrist: 01.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.