Ledig stilling som barnehagelærar
Ølensjøen FUS barnehage as
- Arbeidssted
- VINDAFJORD, ØLEN, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 27. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Me har ledig fast stilling for barnehagelærar frå 04.01.27 - evt pedagogisk leiar.
Vil du gjera ein forskjell i barn sitt liv? Me trur at nysgjerrige, trygge og leikne barn skapar framtida, og me treng deg som vil væra med barna på denne reisa. Hos oss vil du bli ein del av eit stort fellesskap kor me legg vekt på å lage gode dagar for barn og tilsette, i arbeidsmiljøet er delingskultur, involvering og arbeidsglede viktige element. Eit språkleg og kulturelt mangfald i barnegruppene gir barna eit unikt høve til å utvklie evne til å være respektfulle, vise omsorg, empati og ha forståing for ulike perspektiv. Er du glad i å væra ute og på tur? Det er me, og med FUS-bussen tilgjengeleg kan me komme oss på eventyr, både nært og fjernt. På kjøkkenet er me så heldige å ha vår eigen kokk, som stadig inspirerer smak- og luktesansen vår med velsmakande retter.
Er du engasjert? Tek du initiativ? Samarbeider du gode med andre? Snakkar du med barn på ein open, ærleg og tydeleg måte?
Verdset du kunnskap? Er du trygg på eige kompetanse og erfaring? Søkjer du faglege råd og rettleiing i utfordrande situasjonar? Verdset du andre sin kunnskap og lærer av andre?
Er du reflektert og oppteken av å finne løysingar på utfordringar?
Ja? Då kan det væra akkurat deg me ser etter!
Arbeids- og ansvarsoppgåver vil mellom anna væra:
* Ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av det pedagogiske arbeidet
* Væra ein del av barnehagen sitt pedagogteam, og bidra til å rettleie og utvikle potensialet hos andre
* Bidra til å utvikle det fysiske og psykososiale barnehagemiljøet
* Sjå barnehagen i eit heilskapleg perspektiv, og samtidig bidra til heilskapleg omsorg for det einskilde barnet
Me tilbyr:
* Rettleiing for nyutdanna barnehagelærarar
* Eit inkluderande og trygt arbeidsmiljø med fokus på samarbeid og utvikling
* Høve til å bidra med eigen relevant kompetanse eller interesser
* Høve til å bli ein del av ein større kjede med stot fagleg fokus
* Gode løns- og pensjonsvilkår
* Eigne FUS-klede
Me ønskjer at du:
* Er utdanna barnehagelærarar
* Har eit sterkt engasjement for barnehagefaget, og likar å halde deg fagleg oppdatert
* Er tilpassingsdyktig - du trivst i ein variert kvardag, er fleksibel og løysingsorientert i møte med barn, føresette og kollegaer
Søkjarar vil bli vurderte ut frå personlege eigenskapar, i tillegg til kompetanse og erfaring.
Tilsetjing føreset godkjent politiattest i samsvar med barnehagelova, som må leverast før eventuell oppstart i stillinga.
Kontaktperson
Jenny Haugland Gundersen
Dagleg leiar
53766220
dl.olensjoen@bhg.no
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.