Tilretteleggjar VTA til våre produksjonsavdelingar
Kvito As
- Arbeidssted
- VINJE, TELEMARK
- Publisert
- Søknadsfrist
- 15. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vi søker etter ein allsidig person som både er praktisk og kan bistå våre VTA-tilsette på ulike områder med tilrettelegging av arbeidskvardagen. Stillingsbenevnelsen er tilretteleggjar.
Hva vi ser etter
Vi ser etter eit omstillingsdyktig menneskje som kan jobbe på fleire ulike lokasjonar. Det er viktig at du trivst med fysisk arbeid og likar å jobbe utandørs om det er behov for dette. Fagbrev innanfor ulike yrkesfag kan være ein fordel då vi jobbar med kvalifisering og kompetanseheving av blant anna ungdom.
Arbeidsoppgaver
Tilretteleggjar VTA til våre produksjonsavdelingar.
Vikariat 1 år.
Kvito sin visjon er "Arbeidsglede" og vårt verdi-grunnlag er tillit, toleranse og tryggleik.
Før tilsetting må det kunne framleggas politiattest.
Hovudoppgåver
Kvito as tilbyr menneske med ulike behov ein tilrettelagt arbeidsplass. Stillinga har som hovudansvar å tilretteleggje arbeidsoppgåver for våre VTA-tilsette i bedrifta, slik at dei opplever utvikling og meistring. I dette ligg at du har ansvar for utforming av arbeidsplassen slik at våre VTA-tilsette kan utføre arbeidsoppgåvene. Tilretteleggjar har også ansvar for å sørge for eit godt arbeidsmiljø og kvalitet i tenestene.
Kvalifikasjonskrav
Praktiske ferdigheiter/erfaring vil vektleggast
Gode samarbeidsevner
Evne og erfaring med å arbeide med ei variert gruppe av menneskjer med ulike behov og ferdigheits nivå
Krav til sertifikat klasse B
Ønskeleg med sertifikat klasse T og truckførarbevis.
Stor fordel med kjennskap til digitale samhandlingsverktøy.
Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Stor fordel med kjennskap/erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid
Vi tilbyr
Ein krevjande, men spannande og meiningsfull jobb.
Inkluderande arbeidsmiljø
Gode påverkingsmoglegheiter
God pensjonsordning
Lønn etter avtale
Gode moglegheiter for kompetanseheving og etterutdanning
Moglegheiter til forlenging og fast jobb
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.