Case Manager
FACT sikkerhet, Helse Fonna HF
- Arbeidssted
- KVINNHERAD, VALEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 30. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
FACT Sikkerheit-teamet søkjer ein engasjert Case Manager. Vi gir behandling og oppfølging etter Forensic FACT-modellen, retta mot pasientar dømt til behandling og/eller på tvang i psykisk helsevern, knytt til Eining for Sikkerheit og Eining for Sikkerheit og Rehabilitering. Fact-sikkerhet er organisert i poliklinikk.
Hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du kombinerer klinisk arbeid, tett samarbeid med 16 kommunar og spesialisthelsetenesta, og oppfølgning av pasientar med behov for langvarige og koorinerte tenester. Du vil arbeide i eit recoveryorientert miljø med fokus på arbeid, aktivitet og rettleiing, og får mulighet til å delta i prosjektarbeid som skal forbetre våre metodar og samarbeidsmodellar.
Stillinga inneber arbeidstid på dagtid med kvar 3. helg i døgnpost.
Vart du nysgjerrig på korleis det er å jobbe med oss? Klikk her og sjå filmen om oss: https://www.youtube.com/watch?v=vbD5255slcE
Kva går jobben ut på?Som Case Manager blir du ein sentral del av behandlingsteamet og du vil mellom anna arbeide med å
følgje opp pasientar i overgangar mellom sjukehus, DPS og kommune
drive poliklinisk behandling og oppfølgning
gjennomføre strukturert valdsrisikovurdering
gi rettleiing til lokale oppfølgningstenester ved fire DPS i føretaket, samt kommunar i opptaksområdet
bidra til samordna og langsiktig oppfølging av pasientar i eigen heimkommune
Arbeidet inneber reiseverksemd og tett samarbeid med pasientar og samarbeidspartnarar ute i kommunane.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?Relevant høgskuleutdanning som sjukepleiar, sosionom, miljøterapeut, vernepleiar, ergoterapeut.
Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan sikkerhetspsykiatri.
Gode munnlege og skriftlege norskkunskaper er avgjerande for forsvarleg pasientbehandling.
Førarkort for personbil klasse B.
Gode digitale ferdigheiter.
Kva ser vi etter hos deg?Hos oss er det viktig at du
handterar krevjande situasjoner med ro, tryggleik og fagleg dømmekraft
ser heilheten i pasientforløp og bidreg til god samhandling mellom spesialisthelsetenesta og kommunale tenester
er nysgjerrig, løysningsorientert og motivert for fagleg utvikling
bidreg positivt til arbeidsmiljøet gjennom respekt, openheit og engasjement
kommuniserar godt og evner å skape tillit og framdrift i komplekse pasientforløp
Personlege eigenskaper vert vektlagde.
Kvifor skal du velje oss?Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
Inkluderande arbeidsmiljø med kompetente kollegaer.
Kompetanseutvikling gjennom fagdagar og kurs.
Opplæring i terapeutisk møte med aggresjon.
Tilbod om opplæring, internundervisning og rettleiing.
Arbeidstid dagtid med arbeid 3. kvar helg med 35,5 t/veke på Eining for Sikkerheit-og rehabilitering.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gje til kjenne dette i søknaden
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonElisabet Anuglen Kalsås, 53466408
Linda Iversen, 53466432
ArbeidsstadSjukehusvegen 26
5451 VALEN
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5207573541
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 30.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.