Fengselsbetjent
Bergen fengsel
- Arbeidssted
- BERGEN, HYLKJE, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 24. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 20
Stillingsdetaljer
Bergen fengsel søkjar inntil 20 utdanna fengselsbetjentar
Me sjår fram til å ta imot søknad frå nyutdanna så vel som erfarne betjentar. Har du høsta erfaring utanfor murane i nokre år er du velkomen til å søkje deg attende til kriminalomsorga.
Ein fengselsbetjent har ansvar for dei innsette og tilsette sin tryggleik, men skal og ha evne til å vere rollemodell og rettleiar, og å delta i målretta progresjonsarbeid med innsette.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=yPsJr8ExqtsArbeidsoppgåveravdelingsteneste med daglege oppgåver knytte til innsette
kontaktbetjentarbeid, soningsplanlegging, miljøarbeid og programarbeid
vere ein aktiv medspelar i utviklinga av det faglege og tryggleiksarbeidet ved avdelinga
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaringDu må ha
bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS
god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
god munnleg og skriftleg framstillingsevne
førarkort klasse B
Personlege eigenskapargode kommunikasjons- og samarbeidsevner
evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og systematisk med målgruppa
evne til å søkje gode løysingar for den enkelte, i samspel med kollegaer, leiing og eksterne samarbeidspartnarar
tolmod, ansvarsfull, å kunne setje grenser og ha evna til å motivere menneske i vanskelege livssituasjonar
personlege eigenskapars i trå med kriminalomsorga sine verdiar
evne til å kommunisera på engelsk
Vi tilbyrmeiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
parkering, kantine, bedriftsidrettslag, treningsmoglegheitar og gode kollegaer
stillinga vert løna i stillingskode 0264 fengselsbetjent, årsløn mellom kr. 515 00,- 645 000,- avhengig av kvalifikasjonar og ansiennitet.
Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjonKriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til inspektør Stine Marie Berger tlf. 55393603 mobil 97768766
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.