Instruktør
Møre og Romsdal Politidistrikt
- Arbeidssted
- ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 5. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om stillingaVil du vere med å utvikle den operative kompetansen i politidistriktet? Møre og Romsdal politidistrikt har no ledig fast stilling som instruktør innan operative fag.
Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk instruktør som ønskjer å bidra til å styrkje den operative beredskapen i Møre og Romsdal politidistrikt. Som instruktør innan operativ trening får du ei viktig rolle i å planleggje, gjennomføre, evaluere og vidareutvikle trening som sikrar at medarbeidarane våre er best mogleg rusta til å løyse samfunnsoppdraget. Vi ser etter deg som er ein god rollemodell for kollegaene dine og går føre som eit godt førebilete i tenesteutøvinga. Det blir stilt krav til at du kan organisere og leie andre, samstundes som du arbeider sjølvstendig og tek ansvar for eigne oppgåver.
Stillinga er organisert under seksjon for operative fag, øving og beredskap ved Felles eining for operativ teneste (FOT). Oppmøtestad Ålesund. Fagleg sett ligg stillinga under fagleiar operative fag i seksjonen. Dagleg aktivitet vil innebere kontakt med alt operativt personell i politidistriktet, og andre relevante interne og eksterne samarbeidspartnarar.
Vi oppfordrer særleg kvinner til å søkje på stilling som instruktør.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidarVi søkjer etter medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, arbeidsmoral og etisk integritet.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Arbeidsoppgåverplanleggje, drifte, gjennomføre og evaluere operativ trening i politidistriktet, herunder også saman med eksterne samarbeidspartnarar
gjennomføre risikoanalysar og tryggleiksvurderingar knytt til all operativ trening
bidra til fagutvikling innan det operative fagområde
gjennomføre trening som sikrar vedlikehald av eigen IP-status
inngå i støtteliste for vakt og beredskap kvar tredje helg
må pårekne beordringar til Politihøgskulen
kan påleggast andre oppgåver
KvalifikasjonarDette må du ha for å vere kvalifisert:
fullført og bestått politi(høg)skule
minimum IP4-godkjenning
brei operativ erfaring frå politi-/ lensmannsetaten
god munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne
plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga
må kunne klarerast for sikkerheitsnivå HEMMELEG
Det er også ønskjeleg med
instruktørutdanning
spesialutdanningsr
IP3-godkjenning
erfaring frå Politihøgskulen sine kurs/studier som instruktør og anna erfaring frå instruktørfaget
Personlege eigenskaparFor å trivast og lykkast i stillinga ser vi for oss at du
har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
har pedagogisk evne til å motivere medarbeidarar
har høg grad av forståing for politiet si samfunnsrolle
er nytenkande, fleksibel og heilskapleg orientert
er sjølvstendig og strukturert med stor arbeidskapasitet
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel ossein utfordrande og spennande arbeidsplass på seksjon for operative fag, øving og beredskap
eit godt arbeidsmiljø med kompetente og engasjerte kollegaer
fast stilling som politioverbetjent/instruktør (stillingskode 0287) med årslønn frå kr. 690 000
godtgjersle etter gjeldande ATB som for tida er kr 44 708 og tillegg for eventuell turnusteneste
medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no.Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse.
tilknyting til bedriftshelseteneste
moglegheit for trening i arbeidstida
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Slik søkjer duDu søkjer ved å skrive ein søknad, registrere utfyllande CV og leggje ved relevante vitnemål og attestar.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Mangfald i politietDersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.