Barnehagelærar på Stadlandet
Leikvang barnehage, Stad kommune
- Arbeidssted
- STAD, STADLANDET, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 27. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Vi har ledig ei 100 % fast stilling og inntil 100 % vikariat i Leikvang barnehage.
Leikvang barnehage ligg på Leikanger, Stadlandet. Det er gangavstand til skule, fotballbane og andre fritidsområde. Naturen har vi rett utanfor barnehagen, med kort veg til både fjell og fjøre. Barnehagen har tre avdelingar; ei småbarnsavdeling med barn 1-3 år og to storbarnsavdelingar med born 3-5 år. Det er om lag 58 born og 15 tilsette i barnehagen.
Vi ønskjer å skape ein god og trygg kvardag for barn, foreldre og tilsette
Vi ønskjer å møte det einskilde barnet og familien med openheit og respekt
Vi ønskjer at kvardagane skal vere prega av glede og humor
Å gi barna ein trygg og god barndom, skape gode relasjonar mellom barna og mellom barn og vaksne er viktig.
Målet vårt er å saman med foreldra å gi barna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.
ArbeidsoppgåverArbeide systematisk og målretta med det pedagogiske utviklingsarbeidet i barnehagen
Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
Planlegge og gjennomføre den daglege oppfølginga av barna
Samarbeide med føresette, interne og ekstrene samarbeidspartnarar
Samarbeide med øvrige tilsette
Rettleiingsansvar for øvrige tilsette
KvalifikasjonarFor stilling som barnehagelærar er det krav om 3-årig høgskuleutdanning som barnehagelærar/førskulelærar
Andre søkjarar med relevant høgskuleutdanning, fagbrev innan barne- og ungdomsarbeiderfaget eller relevant erfaring kan verte vurderte.
Personlege eigenskaparDu har gode evner til kommunikasjon på norsk, munnleg og skriftleg
Du tek initiativ og har gode evner til samarbeid og du kan jobbe sjølvstendig
Du har evne til å sjå det enkelte barnet
Du har evne til å handtere ei større barnegruppe
Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell
Du kan kommunisere med menneske med ulike kulturell bakgrunn, ulike livssyn og ulik sosial bakgrunn
Vi tilbyrEin spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
Godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige medarbeidarar
Godt og nært fagleg samarbeid
Løns-og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden. Vi ønskjer at du oppgir referansar.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Har du spørsmål om barnehagen kan du kontakte styrar Evy Henriette Hagen på tlf 90 96 37 35.
KontaktinformasjonEvy Henriette Hagen, Styrar Leikvang barnehage, 90 96 37 35, evy.henriette.hagen@stad.kommune.no
ArbeidsstadFv620 100
6750 Stadlandet
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5171522478
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 27.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.