Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Lege i spesialisering - LIS3

Øre-nese-hals avdeling, Haugesund Sjukehus

Arbeidssted
HAUGESUND, ROGALAND
Publisert
Søknadsfrist
22. sep. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

🌟 Bli vår nye LIS 3 i Øre-Nese-Hals! Vi har ledig fast stilling som lege i spesialisering (LIS 3) ved Øre-Nese-Hals-avdelinga på Haugesund Sjukehus.  Vi søkjer deg som allereie har erfaring innan ØNH-faget, og som ønskjer å fullføre spesialiseringa di i eit fagleg sterkt, inkluderande og utviklande miljø.  Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med spennande faglege utfordringar, tett rettleiing og gode moglegheiter til å fullføre spesialiseringa di i eit inkluderande og kompetent fagmiljø.  👉Send inn søknad og CV så snart som mogleg – vi gledar oss til å høyre frå deg. Ta gjerne kontakt med avdelingsleiar Kenneth Kross på telefon 41141637 dersom du har spørsmål om stillinga. Kva går jobben ut på? Hos oss får du blant anna jobbe med: Poliklinisk arbeid, der du får brei erfaring med utgreiing og behandling av ØNH-pasientar. Operasjoner, med høve til å utvikle både kirurgiske ferdigheitar og fagleg kompetanse. Administrativt arbeid knytt til pasientbehandling og utdanning. Vaktarbeid, der du inngår i ei 5-delt vaktordning. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Vi ser etter deg som har:  Norsk autorisasjon som lege med full rekvisjonsrett. Godkjent LIS-1 tjeneste. Erfaring innan øyre-nase-hals (ØNH). Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Interesse for fagleg utvikling og motivasjon for å fullføre spesialiseringa innan ØNH 🌟Kva ser vi etter hos deg?Vi ser etter deg som: Har interesse for og engasjement innan ØNH-faget. Er strukturert og har god evne til å prioritere arbeidsoppgåver. Arbeider sjølvstendig og tek ansvar i eigen kvardag. Har gode kommunikasjonsevner, både i møte med pasientar og kollegaer. Er initiativrik og bidreg aktivt til fagleg utvikling og gode løysingar. Trivst i eit aktivt og til tider travelt arbeidsmiljø. Har gode samarbeidsevner og bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø. Kvifor skal du velje oss?Hos oss får du: Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst.  Gode forsikrings- og pensjonsordningar, inkludert medlemskap i pensjonsordning med 2 % pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling Obligatoriske kurs i samsvar med utdanningsplanen for spesialiseringa Eit sterkt fagmiljø som legg til rette for at du skal kunne fullføre spesialiseringa di på ein best mogleg måte KontaktinformasjonKenneth Wilfried Kross, Avdelingsleiar, 41141637 ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5177128907 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 22.09.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.