Lege i spesialisering innan barne- og ungdomsmedisin
Legar barn og ungdom Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Arbeidssted
- ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 26. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Vi har ledig fast stilling som LIS 3 fra 13.01.27 og et vikariat for LIS 3 fra 01.04.27-31.03.28.
Er du nysgjerrig på korleis det er å arbeide med barn, eller ønskjer du å styrkje kompetansen din innan barne- og ungdomsmedisin? Då har du no ei unik moglegheit til å bli kjend med barnemedisin i trygge og utviklande omgjevnader ved vår flotte avdeling.
Vi legg stor vekt på trygg og forsvarleg spesialistutdanning. Som LIS får du delta på kurs etter utdanningsplan og høve til å vere med på nasjonale fagmøte innan barnemedisin. Avdelinga har eit sterkt fagmiljø med omfattande forskingsaktivitet, og vi legg til rette for at du kan kombinere klinisk arbeid med forsking. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer.
Avdeling for barnemedisin og habilitering har ansvar for barnemedisinske pasientar frå gestasjonsalder 26 veker og opp til 18 år i heile fylket. Vi har spesialistar innan alle dei barnemedisinske subspesialitetane. Avdelinga består av seks seksjonar og er lokalisert både i Ålesund og på Hjelset.
I Ålesund finn du sengepost for barn og ungdom, nyføddintensiv, dagbehandling, poliklinikk for barn og ungdom samt habiliteringseining. Verksemda er samla i eit eige bygg organisert som eit barnesenter, noko som gir eit tett og godt tverrfagleg samarbeid.
Vi har tre vaktsjikt: primærvakt, generell bakvakt og tertiærvakt innan neonatologi. Primærvakta er for tida åttedelt, den generelle bakvakta er åttedelt, medan tertiærvakta innan nyføddmedisin er femdelt.
Vi ønskjer deg velkomen som søkjar!
ArbeidsoppgåverDelta i avdelinga si gjeldande vaktordning
Delta i dagleg postarbeid og poliklinikk
KvalifikasjonarSøkjarar må ha norsk autorisasjon som lege
Godkjent del 1 av spesialistutdanninga (LIS 1) eller turnusteneste etter gammal ordning
LIS1 utan fullført LIS1 teneste kan også verte vurdert for tilsetting. Alle læringsmål for LIS1 må då vere oppfylt før tiltredelse.
Mestre norsk språk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskaparDu har gode evner til tverrfagleg samarbeid og samhandling med kollegaer og samarbeidspartnarar
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyrEit triveleg arbeidsmiljø
Høgt fagleg nivå
Fokus på god spesialistutdanning
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
KontaktinformasjonChristine Vaksdal Nilsen, Seksjonsleder (lege), +47 70 16 76 45, Christine.Vaksdal.Nilsen@helse-mr.no
ArbeidsstadÅsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5208402093
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 13.01.2027
Søknadsfrist: 26.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.