Helgestillingar - Heimetenester Os
Bjørnafjorden kommune Heimetenester Os
- Arbeidssted
- BJØRNAFJORDEN, OS, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 31. mai 2027
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 10
Stillingsdetaljer
Har du eit hjarta for eldreomsorg med ønske om ein god arbeidsplass og spennande utfordringar? Då kan du vera den rette for oss!
Vi har ledig faste helgestillinger i omlag 12 % stilling frå snarast.
Arbeidsstad
Heimetenester Os - Fleire avdelingar
Arbeidsoppgåver
Vårt mål er at alle brukarar skal få bu i eigen heim så lenge dei kan.S tillinga inneber difor praktisk bistand i private heim. Arbeidet er variert, hektisk og innimellom litt uforutsigbart.
Du vil sjølvsagt får opplæring der arbeidsoppgåvene i hovudsak er:
Pleie og miljøarbeid i brukar sin heim t.d;
- Personleg hygiene
- Tilberede mat
- Administrere og utlevere medisner
- Motivere brukar til å vere best i stand til å klare seg sjølv
- Snakke med og støtte brukar
Kvalifikasjonar
Helsefagarbeidarelever, sjukepleiarstudenter og andre med relevant helsefagleg erfaring
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Andre uten helsefagleg erfaring/utdanning kan og søkje
Førarkort kl. B
Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
Bestått Norsk-kurs nivå B1/B2 for søkjarar utanfor Norden
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Personlege eigenskapar
Du er ein positiv, motivert og engasjert medarbeidar
Du er nytenkande, løysningsorientert og har evne til å jobbe sjølvstendig
Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
Løn etter gjeldande avtalar. Sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus, samt helsesjukepleiarar i pasientnært arbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen. Studentar under relevant utdanning er omfatta av eigen avlønning
Studentar som blir tilsett i minimum 13 % fast stilling under dokumentert utdanning til sjukepleiar eller vernepleiar kan etter lokal ordning få tilbod om årleg stipend på kr. 15.000/20.000
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Løn etter gjeldande avtalar. Vi har studentavlønning.
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.