Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Automasjonsingeniør

Statens vegvesen

Arbeidssted
ØRSTA, HOVDEBYGDA, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
27. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Om stillingaI Statens vegvesen står vi midt i ei teknologisk utvikling, kor vi byggjer og driftar avanserte styringssystem som gjer vegnettet smartare og meir effektivt. No ser vi etter deg som har lyst til å bidra til dette viktige arbeidet, som automasjonsingeniør! Med eit høgt trafikkert hovudvegnett og eit stadig aukande tal tunnelar, har vi i seksjon Drift midt fokus retta mot ei sikker avvikling av trafikken. Dette blir mellom anna løyst gjennom avanserte styrings- og overvakingssystem, basert på ein god elektroinfrastruktur langs vegnettet.  Statens vegvesen har ansvar for å planleggje, prosjektere, setje i verk og drifte både infrastrukturen og systema. Hos oss får du med andre ord jobbe med mange spennande oppgåver innan automasjon! Kontorstad for stillinga vil fortrinnsvis vere i Ålesund, Ørsta eller Molde. Kontorstad Trondheim kan vurderast.  ArbeidsoppgåverStillinga omfattar drift og vedlikehald av automasjonstekniske installasjonar langs veg og i tunnel, og dessutan oppfølging av entreprenørar og vedlikehaldsprosjekt i ulike storleikar. Hovudoppgåver: Vere fagleg ressursperson innan automasjon, inkludert arbeid og oppfølging av PLS og overvakingssystem (SCADA) Drifte PLS-system, serverar og OT-nettverk Forvalte og drifte fibernettverk Følgje opp tryggingssystem i tunnelar og foreslå utbetringar/oppgraderingar av utstyr Bistå entreprenørar og interne med feilsøking ved teknisk feil Saksbehandling av ulike saker knytte til entreprenørane Sikre etterleving av gjeldande elektroforskrifter, E-kom, interne handbøker og prosedyrar og dessutan følgje rutinar for dokumentasjonssystem Moglegheit for byggjeleiaransvar for den rette kandidaten Arbeidet skjer i samarbeid med dyktige kollegaer og prosjektleiarar, og du vil ha høve til å påverke val av tekniske løysingar innan faget Kvifor skal du velja oss?Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling – både for deg sjølv og for oss.  Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet. Vi tilbyr deg også desse goda: Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider. God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån. Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar. Fagleg påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning. Meir om gode som tilsett på våre nettsidar: Ansattgoder | Statens vegvesen Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår. KvalifikasjonskravDu må ha: Ingeniørutdanning frå høgskule/universitet eller teknisk fagskule med relevante fagkombinasjonar i elektro eller automasjon. Omfattande og relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning. Fagbrev innan elektrofag.  Førarkort kl. B. Gode ferdigheiter i bruk av digitale verktøy. Kunnskap om elektronisk kommunikasjon (E-kom) og OT-fibernettverk. God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Det er i tillegg ønskjeleg at du har: Erfaring innan elektro- og/eller automasjonsløysingar for veg- og tunnelanlegg Erfaring frå industriell automatisering Erfaring med SCADA-system Erfaring med bruk av FDV-system Vi vektlegg motivasjon og engasjement for stillinga og samfunnsoppdraget vårt. Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenningane dine frå HKDIR:  Godkjenning av utenlandsk utdanning – jobb i Norge | HK-dir Personlege eigenskapar:  Vi vil leggje vekt på at du har gode samarbeidsevner, ettersom du skal samhandle tett med både interne og eksterne aktørar. I tillegg er det viktig at du bidreg til eit godt arbeidsmiljø. For å lykkast og trivast i stillinga må du òg kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og trivast med ein arbeidskvardag med varierte arbeidsoppgåver. Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet. Om søknadsprosessenKrav til søknaden Vi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine. Testar og bakgrunnssjekk For å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Testane gir verdifull innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og bidreg til ei rettferdig og objektiv vurdering. Som ein del av rekrutteringsprosessen gjennomfører vi bakgrunnssjekk i samarbeid med ein ekstern leverandør. Bakgrunnssjekk skjer alltid med samtykket på kandidaten, og tilsetjing føreset godkjend bakgrunnssjekk. Positiv særbehandling Vi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.  Søkjarlista er offentleg Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.