Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Kjøkkenassistent

Seksjon for kjøkken og kantine Volda, Helse Møre og Romsdal HF

Arbeidssted
VOLDA, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
19. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Er du serviceinnstilt, kvalitetsbevisst og trivast med varierte arbeidsoppgåver? No har du sjansen til å bli ein del av vårt dyktige team! Vi søkjer ein engasjert kjøkkenassistent i 100 % fast stilling. Hos oss står samarbeid og trivsel i sentrum, og vi lagar dei fleste produkta frå grunnen av. Produksjonsmetoden er hovudsakleg kok-server, og vi tilbyr varierte menyar, catering og spanande arbeidsdagar med rullering av oppgåver. Produksjonen går føre seg heile året, 365 dagar. ArbeidsoppgåverVaremottak og mottakskontroll Matproduksjon og utdeling av mat og drikke Reinhald og oppvask Drift av kantine Bruk av kjøkkenet sitt kvalitetssystem Bruk av seksjonen sine digitale verktøy KvalifikasjonarOver 18 år Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Erfaring frå storkjøkken er ein fordel Personlege eigenskaparDu er ansvarsbevisst og lærevillig Du er fleksibel og serviceinnstilt Du er strukturert og sjølvstendig Du har gode samarbeidsevner Du er teknologivand og komfortabel med digitale verktøy Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her. - Og her. KontaktinformasjonBeate Leite Førde, Seksjonsleiar, Beate.Leite.Forde@helse-mr.no ArbeidsstadKløvertunvegen 1 6103 Volda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5188989103 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 19.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.