Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Vernepleiar/miljøterapeut Selje/Stadlandet

Miljøtenesta, Stad kommune

Arbeidssted
STAD, STADLANDET, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
29. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du vere med og utvikle gode helse- og omsorgstenester i Stad kommune? Miljøtenesta Selje/Stadlandet har ledig 100 % fast stilling som vernepleiar/miljøterapeut. Er du autorisert vernepleiar, eller har du anna relevant treårig sosialfagleg utdanning? Ønskjer du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du får bruke kompetansen din, ta fagleg ansvar og vere med på å utvikle gode tenester? Då vil vi gjerne høyre frå deg! Hos oss får du høve til å påverke eigen arbeidskvardag og bidra aktivt i utviklinga av tenestane. Vi tilbyr moglegheit for langvaktturnus med komprimert arbeidstid, noko som kan gi meir samanhengande fritid og ein god balanse mellom arbeid og fritid. Miljøtenesta Selje/Stadlandet er ei teneste i kontinuerleg utvikling, med fleire tenestestader som tilbyr heildøgnstenester og oppfølging av personar som bur i eigen heim. Vi gir tenester til menneske i ulike aldrar og livssituasjonar, med ulike funksjonsnedsettingar og behov for støtte og tilrettelegging. Gjennom målretta miljøarbeid, fagleg engasjement og tett samarbeid arbeider vi for å skape trygge, meiningsfulle og individuelt tilpassa tenester. Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø der samarbeid, brukarmedverknad og fagleg utvikling står sentralt. Vi ønskjer medarbeidarar som tek initiativ, ser moglegheiter og vil bidra til å vidareutvikle tenestene våre. Dette er stillinga for deg som ønskjer ansvar, faglege utfordringar og høve til å gjere ein forskjell i kvardagen til menneska vi gir tenester til. ArbeidsoppgåverAnsvar for det faglege rundt dei brukarane ein er primærkontakt for Kartlegge og vurdere behov Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer Tverrfagleg samarbeid og arbeid i team Rettleie studentar, lærlingar og kollegaer, og bidra til kompetansedeling og fagleg utvikling Følgje opp miljøterapeutiske tiltak Utføre brukarretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav Oppfølging og dokumentasjon i pasientjournal Tverrfagleg samarbeid med kommunale og eksterne tenester  KvalifikasjonarUtdanning og autorisasjon som vernepleiar eller treårig sosialfagleg utdanning på universitets- eller høgskulenivå God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk Grunnleggande IKT-ferdigheiter  Aktuelle kandidatar må ha førarkort klasse B Politiattest Personlege eigenskaparGode samarbeids- og kommunikasjonsevner Evne til å etablere god samhandling med fokus på ro, tryggleik og funksjonell kommunikasjon Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid Tek initiativ og ansvar Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre Vi tilbyrGodt tverrfagleg samarbeid Høve til å skape eit godt arbeidsmiljø   Høve til fagleg utvikling Vi legg til rette for vidareutdanning på område som kommunen har behov for Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk Gode pensjons- og forsikringsordningar Tilbod om flyttegodtgjersle dersom du vil flytte til kommunen vår Vernepleiar får rekrutteringstillegg på kr. 30.000 i tillegg til tariffløn Busette i Stad kommune kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt Stad kommune har god båtkorrespondanse til Bergen og nærflyplass i i Gloppen -  Sandane Anda lufthamn. Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden. Referansar skal leggast inn. Stad kommune har 6 månader prøvetid. Politiattest skal leggast fram før start i stillinga. Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søknad om unnatak må grunngjevast.  Dersom du har spørsmål om stillinga kan du kontake avdelingsleiar Silje Sneide tlf 481 19 558 eller einingsleiar Ann-Charlotte Jansson tlf 977 23 146.  KontaktinformasjonSilje Sneide, Avdelingsleiar miljøtenesta ytre, 48119558, silje.sneide@stad.kommune.no Ann Charlotte Jansson, Einingsleiar miljøtenesta, 97723146, ann.charlotte.jansson@stad.kommune.no Arbeidsstad 6740 Selje Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5206559376 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 29.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.