Miljørettleiar og/eller fagarbeidar
Voss herad Voss ungdomsskule
- Arbeidssted
- VOSS, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 25. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Voss herad søkjer miljørettleiar/fagarbeidar med eit stort hjarte for barn og unge. Me legg vekt på at elevane skal møta engasjerte, kompetente og trygge vaksne som kan gje elevane i Voss herad ein god ballast for vegen vidare.
Me ser etter deg som ynskjer å arbeida aktivt for å fremja livsmeistring og medborgarskap i skulen vår. Me har lærande nettverk på fleire nivå for å vidareutvikla vossaskulen og skapa ein felles praksis. Skulane arbeider ut frå prinsippa om ein lærande organisasjon.
Me tilbyr:
gode vilkår for fagleg utvikling
ein god arbeidsplass med dyktige kollegaer
eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
gode forsikrings- og pensjonsordningar
løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Kvalifikasjonar:
fagarbeidar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller miljørettleiar med utdanning innen sosialt arbeid, vernepleie, pedagogikk eller annen relevant høgskuleutdanning
anna relevant utdanning/arbeidserfaring kan bli vurdert
gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar. Her ligg det ledige stillingar i regionen.
Me ynskjer deg som:
har praktisk kompetanse innan til dømes bygg, køyretøy eller maskin
er god på samarbeid og kan byggja relasjonar
er fleksibel og ynskjer å ta ansvar
er ein positiv pådrivar i endringsarbeid for utvikling av tenestene
Arbeidsoppgåver:
Bidra i arbeidet med elevar som har alternative opplæringsarenaer
Relasjonbygging
Bidra til å oppretthalda og utvikla eit trygt og godt skulemiljø, både i undervisningstid og i friminutta
Samarbeida med pedagogisk personale og andre fagarbeidarar/ miljørettleiarar om undervisningsopplegg som skulen og lærarar har utarbeidd for elevane
Hjelpa til med daglege gjeremål, oppmuntra, snakka med, rettleia, støtta og motivera elevane
Hjelpa elevar med funksjonshemming og lærevanskar slik at skulekvardagen i klasserom, symjing, kroppsøving, garderobe og friminutt blir best mogleg
Vera ein omsorgsfull rollemodell
Om arbeidsstaden
Voss ungdomsskule - Voss herad
Kvifor velja Voss herad?
Om du har gullmedalje frå OL eller helst ser sport på TV, er du ein av oss. Om du diggar smalahove eller er vegetarianar, er du ein av oss. Om du hoppar i fallskjerm eller går tur på flatmark, er du ein av oss. Vossingane er stolte, av seg sjølve, av bygda, av maten og kulturen. Vil du verta ein av oss, skal me ta godt vare på deg. Her får du lov til å lukkast. Me garanterer at du finn noko å driva med, også når du har fri. Og treng du andre impulsar, er vegen kort til både Bergen og fjorden. No kan du verta ein del av laget, me treng deg.
Søknad
Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar.
I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver venleg og last opp vitnemål og attestar til søknaden
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.