Maskinsjef ressursgruppe Sogn og Fjordane
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
- Arbeidssted
- KINN, MÅLØY, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 1. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Fjord1 har ledig stilling som maskinsjef i ressursgruppe til samband i Sogn og Fjordane
I denne stillinga vil du ha arbeid på reserveferjene Gulen, Sognefjord og Bjørnsund. I tillegg vil det vere aktuelt å jobbe på ferjene i Nordfjord, Ytre Sogn og Askvoll.
Du får fast turnus og grunnlønn. Skiftordning er 2 veker arbeid og 2 veker fri, evt 3 veker arbeid og 3 veker fri.
Vi tilbyr gode arbeidsvilkår med 71-timars arbeidsavtale og oppstart etter avtale.
Arbeidskvardagen blir variert, med ulike fartøy, ruter og utfordringar, noko som krev at du er erfaren, dyktig og trygg i rolla som maskinsjef. Du må kunne tilpasse deg endringar og nye situasjonar, og ha evna til å ta raske og gode avgjerder når det trengst.
For å kunne utføre stillinga må du disponere eigen bil, då du vil ha teneste på ulike samband i regionen. Du vil få ein fast avløysingsavtale der arbeidsgjevar dekker reiseavstand som overstig 30 km mellom arbeidsstad og bustad.
Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande.
ArbeidsoppgåverTeknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.
Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Arbeidet omfattar opplæring, teknisk vedlikehald og dokumentasjon, forbrukskontroll, reinhald og brannførebygging, og blir utført i tråd med gjeldande stillingsinstruks.
Kvalifikasjonar
Minimum M3
FSE e-læringskurs
Sikkerheitskurs i høve kvalifikasjonsforskrifta
Krise- og passasjerhandtering
Gyldig helseerklæring
Skandinaviske språkkunnskaper munnleg og skriftleg
Fjord1 dekker kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stilliinga.
Personlege eigenskaparVi søker en dyktig og engasjert maskinsjef som trives med ansvar og har en lidenskap for drift og vedlikehold av maskineri. Du må ha teknisk innsikt, gode lederegenskaper og evnen til å sikre effektiv og trygg drift om bord.
Vi tilbyrLønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Det Norske Maskinistforbund
Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
Attrakive velferdsordningar.
Skiftordning: 2 veker på, og 2 veker fri, evt 3 veker på, og 3 veker fri.
Ein bur ombord når ein er på vakt, og får dekka reisekostnader til og frå arbeid over 30 km
KontaktinformasjonSigrunn Hellebust, Rekrutteringsmedarbeider, sigrunn.hellebust@fjord1.no
Arbeidsstad
6700 Måløy
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim Drift
Referansenr.: 5168594910
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.