Eigedomssjef i Austevoll kommune
Austevoll kommune
- Arbeidssted
- AUSTEVOLL, STOREBØ, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 7. des. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om arbeidsstadenAustevoll er ein øykommune sørvest i Vestland fylke med om lag 5500 innbyggarar og svært høg
næringsaktivitet – særleg innan maritim og marin næring. Kommunen har eit sterkt fokuspå
berekraftigutvikling, kvalitet i tenesteneog profesjonell forvaltning.
Eigedomssjef er einingsleiar har personalansvar for to og rapporterer til kommunalsjef for samfunnsutvikling
Samfunnsutvikling er ein av tre sektorar i Austevoll kommune. I denne sektoren inngår
utbyggingsprosjekt, folkehelse, samfunns- og arealplan, byggesak, eigedomsforvaltning, drift og
vedlikehald, brann og redning, kultur, idrett og frivilligheit. Sektoren har om lag 35 tilsette.
Om stillingaI denne rolla vil du ha overordna ansvar for økonomistyring, personalleiing og fag. Vi søkjer deg som har ei strategisk forståing, operativ erfaring og som kan vere med å utvikle den relativt nyetablerte eininga.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
Einingsleiar for eigedom, veg og drift har ansvar for følgjande område:
Eigedom-, veg- og hamneforvaltning
Veg- og hamnemynde
Drift og vedlikehaldav kommunale bygg og anlegg, vegarog hamn
Reinhaldstenester
Bustadkontor
Økonomi-, personal- og fagansvar for eininga, og skal ha fokuspå strategi, system ogutvikling.
Sikre heilskaplegressursforvaltning og følgje kommunens system og prosessarforøkonomiplanlegging, økonomistyring og rapportering.
Ansvar for kommunens eigedomsstrategiog oppfølging av denne. Dette inkluderer god planlegging, ressursstyring og prioritering, både knytt til daglegdrift og langsiktig vedlikehald, anskaffingarog investeringar.
Ansvar for forvaltning av avtalarog kontraktarinnaneigedomsområdet, og bidra tilberekraftigdrift med vekt på energieffektive, miljø- og klimavennlege løysingar.
Ansvar for å etablere eitgodt samarbeid med andre sektorari kommunen og eksterneaktørar.
Forvaltning av kommunale tenestebilar
KvalifikasjonskravØnska kvalifikasjonar
Relevant høgareutdanning, fortrinnsvis tekniske og eigedomsrelatertefag. Lang og relevant
erfaring kan erstatta utdanningskravet.
Erfaring fråeigedomsdrift og -forvaltning
Erfaring med leiing av fag, personal og økonomi
Erfaring med prosjekt- og prosessleiing og utviklingsarbeid
Kunnskap om offentleg forvaltning og politiske prosessarer ein fordel
God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar vi verdset
Ansvarleg, strukturert og initiativrik
Målretta og sjølvstendig med god evne til å skape engasjement
God rolleforståing
Evne til å tenke heilskapleg, prioritere innsats og ha høg gjennomføringsevne
Evne til å handtere komplekse oppgåver
Samarbeidsorientert og god evne til å bygge relasjonar internt og eksternt
Søkjar må vere personleg eigna, og ved tilsetting vil vi legga stor vekt på dei personlege eigenskapane vi ønsker for stillinga.
Vi tilbyrEi spanande rolle og moglegheit til å etablere ei nyoppretta eining i Austevoll kommune.
Varierte og utviklande oppgåver i eit tenesteområdeunder utvikling
Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
Spanande utfordringar
Løn etter kvalifikasjonar
Delvis heimekontor og fleksibel arbeidstid
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søker duSend søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
For ytterlegare informasjon om stillinga kan du kontakte Mercuri Urval (MU) ved Gro Reinertsen, tlf 975 59058.
Meld di interesse ved å laste opp CV og søknadsbrev. All kontakt til Mercuri Urval vil bli behandla konfidensielt, om ønskeleg også overfor oppdragsgivar.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.