Maskinsjef Hatvik-Venjaneset
Fjord1 - Maritim Drift
- Arbeidssted
- BJØRNAFJORDEN, OS, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 13. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vi har no ei ledig stilling som maskinsjef om bord på MF Årdal i pt. sambandet Hatvik-Venjaneset.
Skiftordninga er 1 døgn på og 1 døgn av i tre veker, etterfulgt av tre veker fri. Dette gir ein fleksibel kvardag med berre 86 arbeidsdøgn i året. Ein bør bu innanfor rimeleg reiseveg til Hatvik eller Venjaneset, då rederiet ikkje har bufasiliteter på fridøgn. Sambandet er ca 35 minutter unna Bergen.
Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet.
MF Årdal blei bygd i 2008, og i 2020 blei ho oppgradert og bygd om til hybrid, der batteri er den primære energikjelda for framdrift. Dette er eit viktig steg i vårt arbeid for å redusere utslepp og bidra til ei meir berekraftig framtid.
Vi ansetter fortløpende.
ArbeidsoppgåverUtfør arbeidsoppgåvene i tråd med stillingsinstruksen.
Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.
Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Arbeidet omfattar opplæring av personell, oppdatering av vedlikehaldsdokumentasjon og reservedelsoversikt, samt budsjettering og bestilling av teknisk utstyr. Du skal føre dagleg oversikt over forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, og sikre at maskindagbøker og stoffkartotek er oppdaterte. Reinhald og brannførebygging inngår også i ansvarsområdet.
KvalifikasjonarMinimum M3-sertifikat
Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
Krise- og passasjerhandtering
Gyldig helseerklæring
Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Personlege eigenskaparVi søker ein ansvarsbevisst og teknisk dyktig maskinsjef med fokus på sikkerheit og effektiv drift. Du er løysningsorientert, strukturert og trivst med å leie og samarbeide i team. Eit sikkert arbeidsmiljø, er noko av det viktigste du veit. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyrLønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund
Fast ansettelse i et solid og anerkjent selskap
Et godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
Treningsrom om bord.
Attraktive velferdsordningar; firmahytter, leiligheiter og gode rabattordnigar.
Skiftordning: Døgnskift, 3 veke på, 3 veke av.
KontaktinformasjonBenedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no
ArbeidsstedHatvikvegen 5200
5211 Os
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift
Referansenr.: 5186124767
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.