Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Sjøvakt 2:2 turnus 

Fjord1 - Maritim Drift

Arbeidssted
AUSTRHEIM, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
8. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Fjord1 har no ei ledig stilling som matros i sambandet Fedje-Sævrøy, pt. trafikkert av vår flotte el-ferje MF Fedjebjørn.  Turnusordninga er 2 veker på og 2 veker fri - ei ordning som gir god balanse mellom jobb og fritid. Under arbeidsperiodane bur du om bord.  Som matros blir du ein del av eit dyktig team som sørgjer for trygg og effektiv drift. Du handterer lasting og lossing på ein sikker måte, held utkikk og bidreg til vedlikehald som sikrar at alt fungerer som det skal. Hos oss får du ein variert kvardag saman med gode kollegaer. Arbeidsgjevar dekker reiseutgifter mellom heim og arbeidsstad etter dei retningslinjene som er fastsette. Tilsetjing skjer etter avtale, med ønske om oppstart så snart som mogleg.  Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande.  Arbeidsoppgåver Utføre billettering, bruvakt og anna førefallande arbeid om bord Løyse arbeidsoppgåver pålagt av næraste overordna Handtere oppgåver knytt til alarminstruks og beredskap Delta i verne- og miljøarbeid for å sikre tryggleik og god drift Sikre god kundehandsaming og service for passasjerane Fortøying KvalifikasjonarFerdighetsertifikat matros   Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkerheitsopplæring Ferdigheitssertifikat HMOB Krise- og passasjerhandtering Gyldig helseerklæring Skandinaviske språkkunnskaper skriftlig og muntlig Rederiet dekkjer krise- og passasjerhandterings kurs for aktuelle kandidatar. Personlege eigenskaparVi ser etter ein påliteleg matros med gode samarbeidsevner, og eit høgt fokus på tryggleik. Du må vere ansvarsbevisst, fleksibel og kunne handtere varierte arbeidsoppgåver både sjølvstendig, og som del av eit team. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.  Vi tilbyrLønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjømannsforbund.  Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar. Sjøvakt: 2 veker på og 2 veker av Ein bur om bord i arbeidsperioden. Reise til/fra jobb vert dekt av arbeidsgjevar. Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår! KontaktinformasjonBenedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no ArbeidsstedFv568 220 5943 Austrheim Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift Referansenr.: 5185660463 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 08.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.