Sjukepleiar
Sengepost barn og ungdom Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Arbeidssted
- ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 25. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 3
Stillingsdetaljer
Sengepost for barn og ungdom har pasientar frå 0 – 18 år innan alle fagfelt, både barnemedisin, kirurgi, ortopedi, ØNH, gynekologi m.fl.
Sengeposten har 18 sengeplassar, to luftsmitteisolat og ei rehabiliteringseining. Vi er og ei mottaksavdeling med mottak av barnemedisinske pasientar på post.
Som sjukepleiar hos oss blir du ein del av eit positivt og fagleg engasjert arbeidsmiljø.
Ved interne omrokkeringer kan andre stillinger bli ledig.
ArbeidsoppgåverSjukepleieoppgåver til akutt og kronisk sjuke barn og ungdom 0-18 år
Pre- og postoperativ sjukepleie til barn
Opplæring og undervisning av barn og pårørande
Sjukepleieadministrative oppgåver
Legemiddelhandtering
Rettleiing av studentar og kollega
Kontinuerleg forbetringsarbeid
Sjukepleieprosedyrer
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiar
Erfaring frå arbeid med barn
Personleg eignaheit vert lagt vekt på ved tilsetting
Personlege eigenskaparDu arbeidar sjølvstendig og i team
Du har evne til å handtere stressande situasjonar og samtidig opptre roleg overfor pasient og pårørande
Du er fagleg engasjert
Du er ansvarsbevisst
Du har vilje til medverke til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyrInteressante arbeidsoppgåver og ein variert arbeidsdag
Fleksiplan, turnus går over 12 veker
Eit godt arbeidsmiljø der personalet arbeider tett saman og er gode på å hjelpe og støtte kvarandre.
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
KontaktinformasjonIngrid Eriksen, Seksjonsleiar, 70167666, Ingrid.Eriksen@helse-mr.no
Irene Margretehe Takvam, Ass.seksjonsleiar, 70167667, Irene.Takvam@helse-mr.no
ArbeidsstadÅsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5191803420
Stillingsprosent: 50, 80%
Fast, Vikariat
Startdato: 02.11.2026
Søknadsfrist: 25.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.