Kommunedirektør
Bokn kommune
- Arbeidssted
- BOKN, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 15. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du leia Bokn kommune på terskelen til ei ny tid?
Med sine vel 900 innbyggjarar er Bokn eit oversiktleg øysamfunn der fellesskap, engasjement og gode relasjonar pregar lokalsamfunnet, og der avstanden er kort mellom kommunen, innbyggjarane, næringslivet og dei folkevalde. Samtidig står Bokn framfor store moglegheiter. Rogfast og den strategiske plasseringa til kommunen langs E39 vil knyte Bokn tettare til Stavanger-regionen og ein større bu- og arbeidsmarknad. Vi ønskjer derfor ein kommunedirektør som både verdset nærleiken i den vesle kommunen og ser moglegheitene i den større regionen rundt oss.
Vi søkjer nå ein trygg, synleg og utviklingsorientert kommunedirektør med gode relasjons- og samarbeidsevner som vil vere med og realisere potensialet i Bokn, samtidig som vi sikrar gode tenester, god økonomistyring og ein organisasjon for framtida.
ArbeidsoppgaverSom kommunedirektør vil du ha ansvar for:
Leia og utvikla heile organisasjonen og ha det overordna administrative ansvaret i kommunen.
Leggje fram saker for folkevalde organ og følgje opp politiske vedtak.
Sørgje for god økonomisk styring, effektiv drift og måloppnåing.
Byggje gode relasjonar og eit godt omdøme i eigen organisasjon, blant innbyggjarane og i regionen.
Leia utviklingsprosjekt og leggje til rette for samhandling på tvers av einingar.
Vidareutvikle interkommunalt og regionalt samarbeid.
Sikre eit godt partssamarbeid med representantane for dei tilsette.
Kvalifikasjoner (overskrift)Vi ser etter deg som har:
Relevant høgare utdanning. Særleg relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet.
Solid leiarerfaring frå offentleg og/eller privat verksemd.
God forståing og erfaring med økonomi- og verksemdstyring.
Forståing for samfunns- og næringsutvikling og grensesnitta mellom politikk og administrasjon.
Forståing for handtering av media.
God norskkunnskap, munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar:
Vi ser etter ein synleg, trygg og tydeleg leiar med gode relasjonelle eigenskapar og evne til å skape tillit og gode samarbeid.
Du har gode kommunikasjonsevner og byggjer gode relasjonar med folkevalde, medarbeidarar, innbyggjerar, næringslivet og andre samarbeidspartnarar.
Du har eit strategisk og heilskapleg perspektiv, samtidig som du er utviklingsorientert, nytenkjande og har god gjennomføringsevne.
Som leiar er du open, engasjert, inspirerande og samlande. Du har høg integritet, er trygg i leiarrolla og evnar å stå stødig i krevjande situasjonar og prosessar.
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjinga.
Vi tilbyr:
Ei unik mogelegheit til å påverke utviklinga av kommunen og bidra til å skape varige verdiar for innbyggjarane, dei tilsette og regionen.
Ei spennande og samfunnsretta leiarstilling med stor påverknadskraft.
Dyktige medarbeidarar i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
Løn etter avtale og gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Kontaktpersonar og søknadshandtering
I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkaren kan offentleggjerast sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Søkaren vil i tilfelle verta førehandsvarsla om dette.
Ta gjerne kontakt med vår seniorrådgjevar i Madsen og Brekke Brit Skjølingstad, Tlf. 902 73 340 eller Siv Tanja Ringstrand, tlf. 90601721 for ein uforpliktande og fortruleg samtale. For meir informasjon om stillinga kan du også kontakta ordførar Egil Magne Våge, Tlf. 982 38 654.
KontaktinformasjonEgil Magne Våge, Ordførar, 98238654, egil.magne.vage@bokn.kommune.no
Brit Skjølingstad, Seniorrådgjevar, 902 73 340, bs@madsenbrekke.no
Siv Tanja Ringstrand, Rådgjevar, 906 01 721, str@madsenbrekke.no
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Bokn kommune
Referansenr.: 5179032948
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.