Tilkallingsvikarer
Sengepost Medisin 2 SNR, Helse Møre og Romsdal HF
- Arbeidssted
- MOLDE, HJELSET, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 2. des. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Annet
- Antall stillinger
- 6
Stillingsdetaljer
Ønskjer du ein meiningsfull ekstrajobb?
Vi søkjer no etter engasjerte og pålitelege tilkallingsvikarar til sengeposten vår.
Sengepost Medisin 2 ved SNR omfattar fagområda lungemedisin, indremedisin og fordøyingssjukdommar. Hos oss møter du pasientar med ulike og samansette behov, og får vere med på å gi heilskapleg behandling, pleie og omsorg i eit tverrfagleg miljø. Du blir ein del av eit inkluderande og fagleg sterkt team som er oppteke av samarbeid, kvalitet og kompetanseutvikling. Som tilkallingsvikar får du god opplæring og tett oppfølging frå erfarne kollegaer, slik at du kan kjenne deg trygg i rolla.
Arbeidskvardagen er variert, og du får høve til både fagleg og personleg utvikling. Arbeidsmiljøet vårt er prega av respekt, samarbeid og engasjement, og vi ønskjer å skape ein arbeidsplass der alle kjenner seg verdsette og inkluderte.
Høyrast dette spennande ut?
Send oss ein søknad og bli med på laget!
Sjekk instagram @medisin2.snr for eit innblikk i arbeidskvardagen vår!
ArbeidsoppgåverGrunnleggjande pleie og omsorg til akutt og kronisk sjuke medisinske pasientar
Observasjon, oppfølging og dokumentasjon av pasientforløp
Praktiske oppgåver og daglege gjeremål på sengeposten
Vere fastvakt ved behov
KvalifikasjonarSjukepleiar eller helsefagarbeidar med norsk autorisasjon
Sjukepleiestudent eller student innan helsefag
Meistrar norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskaparDu er fleksibel og trivst med varierte arbeidsoppgåver
Du er ansvarsbevist, punktleg og tek initiativ
Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyrEin unik læringsarena der du får brei erfaring med eit mangfald av medisinske problemstillinga
Eit godt, trygt og støttande arbeidsmiljø
Grundig opplæring og tett oppfølging i avdelinga
Sterkt tverrfagleg samarbeid med dyktige fagmiljø
Ein inkluderande arbeidsplass der fellesskap og samarbeid står sentralt
Løn i samsvar med gjeldande overeinskomsta
Medlemskap i ei god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsordningar
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.
KontaktinformasjonMathilde Stranden, Seksjonsleiar, +47 71 11 69 92, Mathilde.Stranden@helse-mr.no
ArbeidsstadOpdølvegen 4
6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5198742480
Stillingsprosent: 0%
Tilkalling/Timebasis
Søknadsfrist: 02.12.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.