Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Tilkallingsvikarar undervisning

Møre og Romsdal fylkeskommune, Ulstein vgs 

Arbeidssted
ULSTEIN, ULSTEINVIK, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
1. mai 2027
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vi søker tilkallingsvikarar i undervisning i programfag eller fellesfag. ArbeidsoppgåverSkulen har jamnleg behov for tilkallingsvikarar innan dei fleste av programområda våre. Det gjeld både fellesfag og programfag. Programområda våre er: Studiespesialisering Elektro og datateknologi Idrettsfag Sal, service og sikkerheit Ikt og medieproduksjon Påbygging til generell studiekompetanse Fellesfaga og programfaga innanfor dei studieførebuande utdanningsprograma (studiespesialisering og idrettsfag) er engelsk, språkfag (tysk og spansk), matematikk, naturfag, norsk, kroppsøving/idrettsfag, samfunnskunnskap/historie, religion, geografi og økonomi. Programfaga på dei yrkesfaglege programområda krev at ein kan undervise i elektrofag (elektro og datateknologi), økonomi og marknadsføring og reiselivsfag (sal, service og reiseliv), ikt og programeringsfag (ikt og medieproduksjon). For tida har vi eit spesielt behov for vikarar innanfor økonomi og marknadsføring og reiseliv. Dersom du har lærarerfaring, eller kan tenke å prøve deg som lærar, inviterer vi deg til å søke. Dette gjeld deg som har relevant utdanning innan eitt av faga våre. Registrer deg gjennom å søke på denne stillinga, eller ta kontakt med aktuell avdelingsleiar om du ynskjer meir opplysningar. KvalifikasjonarVi ser etter personar som er engasjerte og glade i ungdommar, og har ei utdanning og ein bakgrunn som er relevant i høve eitt eller fleire områda/faga skulen tilbyr. Det er kompetansekrav for å undervise, men andre kan tilsetjast midlertidig dersom ingen søkjarar oppfyller krava for å undervise. Å ta oppdrag som vikar kan kanskje passe deg som er i deltidsjobb, er deltidsstudent, jobbar turnus eller er i ein livssituasjon der du har høve til meir kortvarige oppdrag. Skulen er også interessert i å kome i kontakt med til dømes pensjonerte lærarar eller andre med relevant bakgrunn, som kan tenke seg å ta oppdrag hos oss. Utlysinga har lang søknadsfrist, men vi registrerer og vurderer søknader fortløpande. Avtale blir inngått med kvalifiserte søkjarar etter behov gjennom utlysingsperioda. Personlege eigenskaparVi søkjer etter deg som har eit positivt syn på ungdom, som er ein tydeleg vaksen og ein god rollemodell. Du må like å arbeide med ungdom. Du har eit stort engasjement for faget ditt. Du bidreg til elevane si faglege og sosiale utvikling. Du har ein inkluderande veremåte. Du er fleksibel og ser moglegheiter. Du likar godt å samarbeide. Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre du samarbeider med. Vi tilbyr  Vi tilbyr: ei utfordrande stilling i et arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterkt fagmiljø rettleiing for nytilsett pedagogisk personale god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring lønns- og arbeidsvilkår i henhold til lov- og avtaleverk     Den som blir tilsett må levere politiattest jf. opplæringslova §10-9. Vi brukar nynorsk som administrasjonsspråk. Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om anonymitet. Du vil bli varsla om dette.               KontaktinformasjonGunhild Snipsøyr, Avdelingsleiar norsk og elevtjeneste, 41674885 Bård Ringstad, Avdelingsleiar idrett,språk, samfunnsfag og økonomi, 93040441 Karen Topphol, Avdelingsleiar realfag, elektro, IKT og medieproduksjon og sal, service og reiseliv, 41552748 Jon Arne Garshol Haram, Rektor, +47 99627897 ArbeidsstadHolsekerdalen 180 6065 Ulsteinvik Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune Referansenr.: 5195242338 Stillingsprosent: 50% Vikar Søknadsfrist: 01.05.2027
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.