Sjukepleiar i 100% fast stilling ved nytt legesenter i Knarvik
Alver kommune
- Arbeidssted
- ALVER, ISDALSTØ, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 29. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Trivst du med fagleg ansvar, samarbeid og varierte arbeidsdagar?Då kan dette vere den rette stillinga for deg.
Vi søkjer ein sjukepleiar som ønskjer å vere med frå starten når vi byggjer opp eit nytt legesenter. Hos oss får du bruke breidda i sjukepleiarfaget i ein variert arbeidskvardag med pasientkontakt, prosedyrar, laboratorieoppgåver og tett samarbeid med legar og helsesekretærar.
Om det nye legesenteretDet nye legesenteret har fire fastlegeheimlar og held til i trivelege og funksjonelle lokale i Knarvik. Det er gratis parkering i kort gåavstand frå kontoret, og god buss- og båt samband til Bergen sentrum.
Vi nyttar Infodoc journalsystem. På forkontoret vil det vere tilsett helsesekretær, sjukepleiar og ein driftskoordinator som koordinerer den daglege drifta i samarbeid med assisterande einingsleiar/einingsleiar.
Legesenteret er i ein oppbyggingsfase, og saman skal vi etablere gode rutinar, arbeidsformer og ein trygg og inkluderande samarbeidskultur. I starten vil ikkje alt vere ferdig utvikla, og arbeidsmåtar og ansvarsdeling kan bli justerte undervegs. Vi ser derfor etter medarbeidarar som blir motiverte av å vere med og byggje opp noko nytt, tek initiativ og trivst med utvikling og endring. Hos oss får du høve til å påverke korleis vi organiserer arbeidsdagen, fordeler oppgåver, utviklar rutinar og byggjer arbeidsmiljøet heilt frå starten.
Vi legg vekt på kompetanseutvikling, godt tverrfagleg samarbeid og kontinuerleg kvalitetsforbetring. Målet er å tilby tilgjengelege og gode legetenester, slik at pasientane kjenner seg velkomne og blir møtte med tryggleik, profesjonalitet og god service.
Om stillingaVi søkjer ein autoriserte sjukepleiar i 100 % fast stilling, med arbeidstid på dagtid frå kl. 08.00 til 15.30, utan turnusarbeid. Vi ser for oss oppstart våren 2027, truleg i april. Intervju er planlagd gjennomført før jul.
Saman med kollegaene dine skal du bidra til trygge og gode legetenester, gode pasientforløp og eit arbeidsmiljø prega av samarbeid, open kommunikasjon og gjensidig respekt, slik at pasientane kjenner seg velkomne og godt ivaretekne.
Arbeidsdagane er varierte, og det må påreknast periodar med høgt tempo og mange samtidige oppgåver. I opningstida vil du møte pasientar både på telefon og ved oppmøte, gjere faglege vurderingar og bidra til at drifta flyt godt i ein arbeidskvardag som kan vere travel og til tider uføreseieleg.
Du får òg høve til å bidra til å utvikle sjukepleiarfaglege oppgåver, prosedyrar, pasientforløp og samarbeidsformer ved det nye legesenteret.
Einingsleiar og assisterande einingsleiar har personalansvaret for dei tilsette.
Arbeidsoppgåverarbeide på skiftestove
vurdere og prioritere førespurnader på telefon og resepsjon med legevaktindeks som avgjerdsstøtteverktøy
utføre laboratoriearbeid, mellom anna prøvetaking og analyse av prøvar
utføre delegerte oppgåver frå lege, til dømes avanserte sårskift, infusjonar, kateterskift og pasientoppfølging
delta i økonomirutinar og driftsoppgåver etter avtale med driftskoordinator
bidra til å etablere og vidareutvikle gode faglege prosedyrar, pasientforløp og arbeidsmåtar
delta i kvalitets-, forbetrings- og utviklingsarbeid ved legesenteret
Kvalifikasjonskrav Du må ha:
norsk autorisasjon som sjukepleiar
minimum tre års relevant erfaring frå legekontor, legevakt eller verksemd med tilsvarande arbeidsoppgåver,
gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
god digital kompetanse
Det er ein fordel om du har:
erfaring med Infodoc
erfaring med telefontriagering
erfaring frå laboratoriearbeid og akuttmedisinsk arbeid
gjennomført akuttkurs
Krav om politiattest Den som blir tilsett, må leggje fram gyldig politiattest før tiltreding jf. helse- og omsorgstenestelova§ 5-4. Politiattesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
Kven er du?Vi ser etter deg som har yrkesstoltheit og ønskjer å vere med og byggje opp eit nytt legekontor med trygge og gode tenester for pasientane. Du er ansvarsbevisst, serviceinnstilt og trygg i fagrolla di. Samstundes er du open for at arbeidsmåtar og rutinar må utviklast og delast i lag med andre.
Du arbeider godt både sjølvstendig og i team, tek initiativ og bidreg når situasjonen krev det. Du kommuniserer ope og respektfullt og bidreg til eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø. Du deler kunnskap, held deg fagleg oppdatert og tek ansvar for eiga utvikling. Det er naturleg for deg å lære av andre og bidra til at vi utviklar tenesta saman.
Vi ser etter deg som held oversikta når det er travelt, tek ansvar og hjelper til der behovet er størst. Du trivst med samarbeid og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og du deler fagkunnskap med dine kollegaer.
Personlege eigenskapar vil bli lagde stor vekt på.
Vi tilbyrløn etter gjeldande hovudtariffavtale
stillinga blir lønna i tråd med gjeldande lønnsnivå for sjukepleiarar i Alver kommune, som per i dag ligg kr 10 000 over minstelønsgarantien i hovudtariffavtalen til KS
god pensjonsordning
høve til å bruke og vidareutvikle brei sjukepleiefagleg kompetanse
høve til å påverke faglege rutinar, arbeidsformer og samarbeidskultur ved eit nytt legesenter
varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
gratis parkering i kort gåavstand frå kontoret
Me er AlverMe får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet! Sjå filmen vår og bli betre kjend med kommunen, arbeidsplassane våre og kva det er som gjer Alver til ein god stad å arbeide og bu.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.