Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Helsefagarbeidar

Bremanger sjukeheim, Bremanger kommune

Arbeidssted
BREMANGER, KALVÅG, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
18. sep. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Er du helsefagarbeidar og på jakt etter ein jobb der du får brukt både fagkunnskap, omsorg og samarbeidsevner? På Bremanger sjukeheim har vi no ledig ei fast 100% helsefagarbeidarstilling i bemannigsbasen, og vi ønskjer oss ein kollega som vil vere med og skape gode dagar for pasientane våre. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du lærer mykje på kort tid. Sjukeheimen har 35 bueiningar fordelt på tre avdelingar – ei av dei er spesielt tilrettelagt for personar med demens, og vi har også eit lindrande rom. Du blir ein del av eit fagmiljø som jobbar tett saman, og som set pris på humor, støtte og gode kollegaer. Vi jobbar i årsturnus, og du får vere med og påverke både arbeidstid og fritid. ArbeidsoppgåverDette blir ein variert og lærerik kvardag, med moglegheit til fagleg fordjuping i fleire ressursgrupper, mellom anna: rehabilitering, demens, akuttmedisin, palliativ omsorg og kreft. Du vil mellom anna: Utføre sjukepleiefaglege oppgåver hos pasientane Følgje opp ei brei pasientgruppe med ulike behov Gi heilskapleg omsorg for eldre menneske Vurdere og ivareta individuelle behov Delta i ressursgrupper og fagutvikling Dokumentere, rettleie og undervise Kvalifikasjonar (overskrift)Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar Erfaring frå akuttmedisin er ein fordel Trivst med teamarbeid og samarbeid på tvers Omstillingsdyktig og løysingsorientert Politiattest av nyare dato Beherskar norsk godt, både skriftleg og munnleg Vi ser etter ein helsefagarbeidar som møter pasientane med varme, tryggleik og fagleg nysgjerrigheit. Du trivst med menneske, og du ønskjer å bruke kompetansen din til det beste for kvar enkelt pasient. Arbeidskvardagen hos oss er variert, og du må kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og tilpasse deg nye situasjonar. Du jobbar godt sjølvstendig, men set også pris på å vere ein del av eit lag som støttar kvarandre. Serviceinnstilling, samarbeidsevne og personleg eignaheit vil bli vektlagt. Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her: Hjelp til å finne bustad og barnehageplass Gratis barnehage Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år. Rekrutteringstilskot til nytilsette som er/blir folkeregistrert i Bremanger kommune; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner) Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år.  Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/  I tillegg får du: Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid Rekrutteringstilskot til sjukepleiar med kr. 30 000 per år inntil 10 års ansiennitet.  Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon.  Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjon Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtale Senioravtale for tilsette over 62 år Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!       KontaktinformasjonEvy Janne Berle, Driftssjef, +47 95982944 ArbeidsstadGamlevegen 59 6729 Kalvåg Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bremanger kommune Referansenr.: 5175675955 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 18.09.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.