Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Einingsleiar plan, landbruk og teknisk, 100% vikariat 

Gulen kommune

Arbeidssted
GULEN, EIVINDVIK, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
10. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Om stillinga Gulen kommune søkjer ein engasjert og tydeleg einingsleiar til eit 100% vikariat i eininga plan, landbruk og teknisk (PLT) frå 01.02.2027 til om lag midten av november 2027. Kan verte mogleg med noko forlenging av vikariatet.  Som einingsleiar ved PLT får du ei sentral rolle i samfunnsutviklinga i kommunen. Du leier ei fagleg breitt samansett eining og bidreg både i det langsiktige planarbeidet og i arbeidet med å leggje til rette for berekraftig utvikling, aktivitet og verdiskaping i kommunen. Gulen er ein kommune i utvikling, med eit ambisiøst næringsliv, lang kystlinje og rik og mangfaldig natur. Stillinga gir ei god moglegheit til å påverke utviklinga i kommunen i tett samarbeid med innbyggjarar, næringsliv, politisk leiing og fagmiljø. Du blir ein del av kommunen sitt samla leiarforum og samarbeider tett med eining for eigedomsforvaltning og avdeling for innbyggjarservice. Eininga har ansvar for byggjesak, kart og oppmåling, arealplanlegging, skog og landbruk, viltforvaltning, miljø, klima og forureining. I dag har eininga ti tilsette. Organisering og oppgåver kan endre seg i takt med behova i kommunen. Vi ønskjer å byggje ei eining med brei kompetanse, godt samarbeid og god forståing for heilskapen i samfunnsutviklinga. Vi ser etter deg som er samfunnsengasjert, trivst med å leie kompetente og motiverte medarbeidarar, og som handterer varierte oppgåver på tvers av fagområde. Me tilbyrEin spanande og variert arbeidskvardag med viktige oppgåver for kommunen Eit godt arbeidsmiljø med kompetente og engasjerte kollegaer Gode høve til fagleg og personleg utvikling, eigne initiativ og påverknad på eigen arbeidskvardag Eit arbeidsmiljø med god digital kompetanse og fokus på utvikling av digitale løysingar Gode pensjons- og forsikringsordningar Fleksitidsordning og høve til noko heimekontor når arbeidsoppgåvene opnar for det Løn etter avtale Orientering i bustadmarknaden ved behov Arbeidsoppgåver og ansvar Som einingsleiar har du det overordna faglege, personalmessige og økonomiske ansvaret for eininga. I vikariatet skal du sikre god drift, framdrift og kontinuitet i arbeidet, i tett samarbeid med medarbeidarane og resten av kommuneorganisasjonen. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna: fagleg leiing og utvikling av eininga personal- og økonomiansvar saksførebuing og oppfølging av saker til politisk behandling å leie og delta i prosessar knytte til overordna planar, strategiar og utviklingsarbeid dialog og samarbeid med innbyggjarar, næringsliv, politisk leiing og andre offentlege instansar å bidra i digitalisering og vidareutvikling av arbeidsprosessar og tenester andre oppgåver som naturleg høyrer til stillinga Vi ser etter deg som er motivert av å bidra til vidare utvikling av Gulen kommune. Du må kunne setje deg raskt inn i eit breitt ansvarsområde, skape god framdrift i sakene og sikre ei føreseieleg leiing av eininga gjennom vikariatperioden. Digitalisering er ei viktig satsing i kommunen, og du vil ha ei aktiv rolle i dette arbeidet. Kvalifikasjonar Relevant høgare utdanning innan fagområde som bygg og miljø, arkitektur, juss, arealplanlegging eller tilsvarande. Relevant og lang erfaring kan i særlege tilfelle kompensere for delar av utdanningskravet Leiarerfaring frå eitt eller fleire av fagområda i eininga er ønskjeleg God digital kompetanse og evne til raskt å setje deg inn i og ta i bruk nye digitale system Kjennskap til plan- og bygningslova og anna relevant lovverk er ønskjeleg Gode munnlege og skriftlege framstillingsevner på norsk God forståing for offentleg forvaltning, sakshandsaming og politiske prosessar Personlege eigenskapar God rolleforståing og evne til å utøve tydeleg, trygg og fagleg forankra leiing Engasjement for samfunnsutvikling og motivasjon for å bidra til vidare utvikling av kommunen Strukturert og systematisk arbeidsform, med evne til å sikre god kvalitet og framdrift Løysingsorientert, fleksibel og serviceinnstilt Gode samarbeidsevner og evne til å byggje tillit og spele andre gode Evne til å arbeide sjølvstendig og samstundes bidra aktivt i eit leiar- og fagfellesskap Personleg eignaheit vil bli tillagd stor vekt ved tilsetjing Anna Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar Me gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.