Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Sekretær

Seksjon for internservice Volda og Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Arbeidssted
VOLDA, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
1. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Servicetorget er ein viktig funksjon i sjukehuset si verksemd og fungerer som eit sentralt kontaktpunkt for pasientar, besøkande og tilsette. Vi søkjer ein dyktig, nøyaktig og serviceinnstilt medarbeidar som ønskjer å vere med på å vidareutvikle fagområdet ved seksjon for internservice. Stillinga inneber tett samarbeid med kollegaer i seksjonen og med tilsette på tvers av sjukehuset. Du vil få ein variert arbeidskvardag med oppgåver innan sentralbordtenester, kortproduksjon, pasientinformasjon og samhandling med avdelingane i sjukehuset. Vi ser etter deg som er strukturert, løysingsorientert og trivst med både sjølvstendig arbeid og samarbeid i team. ArbeidsoppgåverArbeid i Servicetorg i Helse Møre og Romsdal Sentralbord Kortproduksjon - IDkort og adgangskort Informasjon til pasienter, pårørende og ansatte Daglege driftsoppgåver Videreutvikling og kvalitetssikring av servicetorget Delta i digitaliserings- og forbetringsprosessar Det kan bli endring i arbeidsoppgåver ved eventuelle strukturendring i drifta KvalifikasjonarGod IKT kunnskap og kompetanse Erfaring frå servicefunksjoner innan spesialisthelsetenesta er ein fordel Gode kommunikasjonsevner i norsk munnleg og skriftleg Erfaring med teamarbeid er en fordel Personlege eigenskaparDu har gode framstillings- og kommunikasjonsevner Du er sjølvstendig, nøyaktig, strukturert og kvalitetsbevisst Du er utvikling- og løysningsorientert Du har gode samarbeidsevner, viser fleksibilitet og endringsvilje Du medverkar til fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her.  KontaktinformasjonEva Britt Lervåg, Seksjonsleiar, +47 41689191, Eva.Britt.Lervag@helse-mr.no ArbeidsstadKløvertunvegen 1 6103 Volda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5174037560 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 01.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.