Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Sakshandsamar i barnevernstenesta

Barnevern, Stad kommune

Arbeidssted
STAD, NORDFJORDEID, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
25. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Stad kommune har ledig 100 % vikariat som sakshandsamar i barnevernstenesta frå dags dato til 30.06.2027. Kontor- og oppmøtestad er på Stad rådhus, Nordfjordeid. Stad barnevernsteneste består av engasjerte og kompetente medarbeidarar som arbeider for å sikre barn og unge trygge oppvekstvilkår. Vi legg vekt på fagleg kvalitet, samarbeid og utvikling, og tilbyr eit inkluderande arbeidsmiljø og fagleg støtte. Barnevernstenesta er ein del av kommunalområdet oppvekst. Vi har felles barnevernsvakt med Gloppen og Stryn kommunar. Vi ønskjer snarleg tiltreding i stillinga. Moglegheit for oppstart vil kunne bli tillagt vekt i den samla vurderinga av søkjarane.  ArbeidsoppgåverAvhengig av kompetanse/erfaring hos den som vert tilsett, kan både sakshandsaming etter barnevernslova i høve melding, undersøking, hjelpetiltak og omsorgstiltak, samt miljøterapeutisk arbeid/rettleiing i familiar, vere aktuelle arbeidsoppgåver. Arbeidstida er hovudsakleg måndag - fredag 08.00 - 15.30, men du må pårekne noko arbeid ut over alminneleg kontortid for å treffe familiane når dei er tilgjengelege.  KvalifikasjonarRelevant høgskule-/universitetsutdanning, minimum tre år.  Kjennskap til barnevernslova og forvaltningsrett. Gyldig politiattest skal leggjast fram før start i stillinga, jamfør barnevernslova § 12-11 første ledd. Førarkort klasse B og høve til å disponere eigen bil. Gode språkkunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg. Gode datakunnskapar. Personleg eignaheit. Personlege eigenskaparSom tilsett i barnevernstenesta er det viktig at du  har evne til å bygge tillit og skape relasjonar har gode evner til munnleg og skriftleg framstilling er tydeleg  kan jobbe både sjølvstendig og i team har gode samarbeidsevner og kan leie samtalar og møte har stor arbeidskapasitet og kan prioritere mellom arbeidsoppgåver kan arbeide planmessig og strukturert har evne til å handtere komplekse og krevjande saker har kjennskap til relevante lover og regelverk, god systemforståing og kan samarbeide tverrfagleg held deg fagleg oppdatert likar og toler høgt arbeidstempo er robust og reflektert i møte med barn og familiar har evne til å reflektere over eigen praksis er fleksibel  bidrar aktivt til eit trygt og godt arbeidsmiljø Vi tilbyrFagleg utfordrande og meiningsfylt arbeid. Eit kompetent og støttande fagmiljø. Ekstern rettleiing. Eininga disponerer eigen bil. Fleksibel arbeidstid. Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk og moglegheit for kompetansetillegg. Gode pensjons- og forsikringsordningar. Vi ber om at søkjarar lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Politiattest skal leverast før start i stillinga. Vi ber også om at søkjarar opplyser om relevante referansar av nyare dato. Stad kommune har 6 månader prøvetid. Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.  KontaktinformasjonBritt Remme, Einingsleiar barnevern, +47 95 07 88 76, britt.remme@stad.kommune.no ArbeidsstadRådhusvegen 11 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5192014824 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 25.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.