Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Miljøterapeut/Miljørettleiar i psykisk helse

Gol kommune Helseavdelinga

Arbeidssted
GOL, BUSKERUD
Publisert
Søknadsfrist
30. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
2

Stillingsdetaljer

Vi har no to ledige faste stillingar i Psykisk helse i Gol kommune: • 100 % fast stilling dag/kveld med langvakter • 75 % fast stilling som vaken nattevakt Som tilsett i Psykisk helse vil du bidra til oppfølging og støtte for personar med psykiske helseutfordringar. Du blir ein del av eit tverrfagleg fagmiljø som arbeider for å fremje meistring, sjølvstende og livskvalitet gjennom individuelt tilpassa tenester. Stillingane inneber tett oppfølging av brukarar, miljøterapeutisk arbeid, praktisk bistand, rettleiing og samarbeid med pårørande og andre aktuelle samarbeidspartnarar. Begge stillingane gjev moglegheit til å vere med på å forme og utvikle eit nytt tilbod i kommunen. Psykisk helse i Gol kommune består i dag av miljøarbeidartenester, Kafé Makalaus, gruppetilbod og andre psykiske helsetenester. Arbeidsoppgåver • delta i eit miljøterapeutisk team som arbeider tett med bebuarane • miljøterapeutisk oppfølging av personar med psykiske helseutfordringar og eventuelle rusutfordringar • utarbeide, gjennomføre og evaluere tiltaksplanar i samarbeid med bebuar • individuell oppfølging innan område som bustad, fysisk og psykisk helse, aktivitet, økonomi og nettverk • bistå med og utføre stell og personleg pleie ved behov • praktisk bistand, råd, rettleiing og støtte i daglege gjeremål • bidra til tryggleik, struktur og meistring i kvardagen • dokumentasjon og rapportering i tråd med gjeldande rutinar • samarbeid med pårørande, fastlege og andre samarbeidspartnarar • andre arbeidsoppgåver innan psykisk helse må påreknast For stillinga som vaken nattevakt vil oppfølging, observasjon, trygging og handtering av hendingar gjennom natta vere sentrale arbeidsoppgåver. Kvalifikasjonar • treårig helse-, sosial- eller pedagogisk høgskuleutdanning, til dømes vernepleiar, sjukepleiar, sosionom eller barnevernspedagog • fagbrev som helsefagarbeidar kan vurderast • relevant arbeidserfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet • erfaring frå arbeid innan psykisk helse og/eller rus er ønskjeleg • førarkort klasse B • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg • gode digitale ferdigheiter Vi ønskjer at du • har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skape tillit • har erfaring med oppfølging av menneske med psykiske helseutfordringar og/eller rusutfordringar • er trygg, fagleg reflektert og medviten om eigne grenser • er fleksibel og løysingsorientert • kan arbeide både sjølvstendig og i team • er strukturert, målretta og ansvarsmedviten • har engasjement for målgruppa og ønskje om å bidra til utvikling av tenesta • bidreg til eit godt arbeidsmiljø Personleg eignaheit vil bli tillagd stor vekt. Vi tilbyr • meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver • eit solid fagmiljø med høg kompetanse • regelmessig fagleg rettleiing • moglegheit til å påverke utviklinga av tenesta • eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer • gode pensjonsordningar • gratis treningstilbod • løn etter gjeldande avtaleverk Send søknad Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom rett e-postadresse er registrert i søknaden. Søknadsfrist: 30.11.26 For stillingane gjeld det krav om politiattest før tilsetjing. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden, men må leverast dersom du får tilbod om stillinga. Aktuelle kandidatar blir vurderte og kalla inn til intervju fortløpande. Velkomen som søkjar hos Psykisk helse i Gol kommune! Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.