Helgestillingar
Miljøarbeidertenesta, Gloppen kommune
- Arbeidssted
- GLOPPEN, SANDANE, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 11. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 3
Stillingsdetaljer
Likar du å arbeide med menneske, og har høve til å ta på deg fast arbeid på helg? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Miljøarbeidartenesta, avdeling 3 (Kvitveisen og Åsateigen) har ledige helgsestillingar med gjennomsnittleg arbeid kvar 4 helg (fredag kveld, og langvakt 12,5-14 timar lørdag og søndag).
Miljøarbeidartenesta yter tenester til personar med utviklingshemming og ulike bistandsbehov. Hos oss blir du del av eit tverrfagleg fagmiljø der vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar arbeider saman for å tilby tenester av høg fagleg kvalitet.
Arbeidet i desse avdelingane er retta mot personar med omfattande bistandsbehov, og arbeidet omfattar mellom anna pleie- og omsorgsoppgåver, helseoppfølging, tilrettelegging i kvardagen og miljøarbeid. Avdelingane har både avlasting til barn og oppfølging av vaksne i eigen heim. Du får nødvendig opplæring og rettleiing, både på arbeidsplassen og gjennom kurs, slik at du blir trygg i rolla di. Hos oss blir du ein del av eit godt arbeidsmiljø med kjekke kollegaer og moglegheit for både fagleg og personleg utvikling.
Har du spørsmål til stillinga? Ta gjerne kontakt for ein prat.
Tilredning etter avtale.
ArbeidsoppgåverOppgåvene er brukarretta, varierte og består mellom anna av:Oppfølging av tenestemottakarar ut frå individuelle tiltak og behov
Pleie- og omsorgsoppgåver og praktisk bistand til daglege gjeremål
Tilrettelegging og miljøarbeid
Observasjonar og dokumentasjon
KvalifikasjonarHelse- og sosialfagleg kompetanse; student, fagarbeidar, miljøterapeut, vernepleiar eller sjukepleiar
eller
Ynskje om å arbeide med målgruppa sjølv utan formell fagkompetanse
Du må vere over 18 år og kunne snakke og skrive godt norsk
Førarkort klasse B er ein fordel, men ikkje eit krav
Grunnleggjande digitale ferdigheiter til å nytte journal- og fagsystem
Personleg eignaheit til arbeidet vil bli vektlagt i stor grad. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding. Prøvetid 6 mnd.
Personlege eigenskaparDu ser heile mennesket og møter andre med respekt og omsorg
Du er ansvarsbevisst og løysingsorientert
Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Du tek rettleiing og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyrEin meiningsfull jobb med kjekke kollegaer og moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Høgskulestudentar under relevant utdanning får ekstra lønnstillegg.
Tillegg på kr 500 pr. vakt med langvakter laurdag og søndag.
KontaktinformasjonJulie Kristin Lothe, Avdelingsleiar miljøarbeidartenesta, 479 93 050
Kristine Eide Ryssdal, Tenesteleiar miljøarbeidertenesta, +47 911 39 159
ArbeidsstadGrandavegen
6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 5079660544
Stillingsprosent: 23%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.