Ringevikarar til Dråpeslottet og Vassloppa barnehagar
Samnanger kommune
- Arbeidssted
- SAMNANGER, TYSSE, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 20. okt. 2027
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Om stillinganeMe søkjer ringevikarar som ønskjer å arbeide med barn i ein aktiv og meiningsfull kvardag. Som ringevikar bidreg du til tryggleik, leik, omsorg og gode opplevingar for barna.
Me ser etter deg som er fleksibel, ansvarsfull og har gode samarbeidsevner. Erfaring frå barnehage er ein fordel, men ikkje eit krav.
Me treng vikarar til dei to kommunale barnehagane våre. Dråpeslottet og Vassloppa barnehagar er gode stader å vera, leika og læra. Me er to barnehagar med trygge, erfarne og kvalifiserte tilsette som arbeider for at alle barn skal oppleva fellesskap, meistring og glede i kvardagen.
I Dråpeslottet på Gjerde er me tett på både Samnanger barneskule, naturen og sjøen. Barnehagen har fellesrom som inviterer til leik og vennskap på tvers av avdelingane.
Vassloppa barnehage ligg nær Bjørkheim sentrum og har romslege lokale, eigen gymsal og eit stort, variert uteområde. Naturen og det flotte turterrenget rett utanfor porten gir gode høve til aktiv leik og utforsking.
Visjonen vår er: «Ein god stad å vera, ein god stad å leika og læra.»
ArbeidsoppgåverDeltaking i det pedagogiske arbeidet
Bidra til å skape trivsel, tryggleik og utvikling for alle barn.
Vera ein engasjert bidragsytar i barnehagekvardagen og i barna sin leik inne og ute
Vera interessert i barna si utviking og medverknad i kvardagen
Vera med å ivareta eit godt samarbeid med foreldre
KvalifikasjonarKrav
Gode norskkunnskapar. For søkjar utanfor Skandinavia må ein ha bestått norskprøve B2 skritleg og munnleg. Dette må dokumenterast.
Levera politiattest før oppstart
Levere sjølværklæring om Tuberkulose
Gode kommunikasjons- og formidlingsevner
Ønskjer
Barne- og ungdomsarbeider utdanning eller anna relevant utdanning
Erfaring fra arbeid med mennesker
Personlege eigenskaparHa barna i fokus
Ta initativ og visa sjølvstende til å gjennomføra planar og idear
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner både med barn og vaksne
Vera god på å bygga relasjonar
Trivast i eit hektisk miljø der mykje skjer samtidig
Løysingsorientert og imøtekommande
Me tilbyrEit friskt og godt arbeidsmiljø
Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med faglege og løysingsorienterte medarbeiarar
Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Fleksible arbeidstidsordningar
Gode velferdsordningar
ArbeidstilhøveMe ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle kvalifiserte til å søkja jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk eller kulturell bakgrunn. Dersom du har utanlandsk utdanning, må denne vera godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.