Controller med driftsoppgåver
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde
- Arbeidssted
- SUNNFJORD, FØRDE, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 28. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du vere med å gjere ein forskjell?
Nav hjelpemiddelsentral Vestland Førde har ledig ei 100 % fast stilling som controller med utvida driftsoppgåver. Vi ønskjer å styrkje kapasiteten og kompetansen innan økonomi- og verksemdsstyring i ei verksemd med stadig meir omfattande og komplekse oppgåver.
Controllerstillinga utgjer ca. 50% og er utvida med driftsoppgåver.
Stillinga må kombinerast med driftsansvar for økonomi- og verksemdsstyring, eigedomsrelaterte oppgåver og utviklingsarbeid. Den som blir tilsett må kunne arbeide både analytisk og strategisk, men også vere villig til å ta tak i praktiske og administrative oppgåver når verksemda har behov for det. Stillinga er tenkt å vere som ein viktig ressurs for leiargruppa med ansvar for å bidra til god styring, effektiv drift og vidare utvikling av Nav hjelpemiddelsentral Vestland Førde. Du vil òg vere del av eit nasjonalt fagnettverk med controllarar frå hjelpemiddelsentralar over heile landet, noko som gir gode moglegheiter for fagleg utvikling og erfaringsdeling.
Nav hjelpemiddelsentral Vestland Førde
er ein del av Nav hjelpemidler og tilrettelegging, som består av om lag 1 400 tilsette fordelte på 14 hjelpemiddelsentralar i heile landet.
Vi er eit nasjonalt ressurs- og kompetansemiljø med brei kunnskap om funksjonsnedsetjingar og korleis hjelpemiddel, teknologi og tilrettelegging kan fremje aktivitet, deltaking og meistring. Gjennom tett samarbeid med brukarar, kommunar, arbeidsgivarar og andre samarbeidspartnarar bidreg vi til at fleire kan delta aktivt i arbeid, utdanning og samfunnsliv. Nav hjelpemiddelsentral Vestland Førde er eit ressurs- og kompetansesenter lokalisert i Førde, med 35 tilsette fordelt på to avdelingar. Vi har eit overordna og koordinerande ansvar for formidling og forvaltning av tekniske hjelpemiddel i tidlegare Sogn og Fjordane.
Gjennom rådgiving, rettleiing, kurs og opplæring bistår vi kommunar, arbeidsgivarar og andre samarbeidspartnarar. Vi arbeider tverrfagleg og har spesialkompetanse innan tilrettelegging i heim, skule, arbeid og fritid.
Verksemda omfattar òg lager, teknisk verkstad, ombrukstenester, ambulerande tekniske tenester og servicetenesta, som saman med Vestfold og Telemark og Oslo er eit nasjonalt senter for alle dei 14 hjelpemiddelsentralane i landet.
Målet vårt er å bidra til at menneske med funksjonsnedsetjingar kan leve aktive og sjølvstendige liv gjennom gode hjelpemiddel, teknologi og tilrettelegging.
Om Nav hjelpemiddel og tilrettelegging
Nav hjelpemiddelsentral Vestland Førde er ein del av Nav hjelpemidler og tilrettelegging, som består av om lag 1 400 tilsette fordelt på 14 hjelpemiddelsentralar i heile landet.
Vi er eit nasjonalt ressurs- og kompetansemiljø med brei kunnskap om funksjonsnedsetjingar og korleis hjelpemiddel, teknologi og tilrettelegging kan fremje aktivitet, deltaking og meistring. Gjennom tett samarbeid med brukarar, kommunar, arbeidsgivarar og andre samarbeidspartnarar bidreg vi til at fleire kan delta aktivt i arbeid, utdanning og samfunnsliv.
ArbeidsoppgaverControllerstillinga utgjer ca. 50% og er ei kombinert controller- og utviklingsstilling med ansvar for økonomi- og verksemdsstyring, analyse, rapportering og internkontroll, samstundes som ein bidreg til drift, organisasjonsutvikling og forbetringsarbeid.
Stillinga omfattar òg eigedomsrelaterte oppgåver, utviklings- og stabsoppgåver, samt andre oppgåver etter verksemda sine behov.
Nav hjelpemidler og tilrettelegging er i utvikling, og vi arbeider aktivt for å styrkje samarbeid og ressursutnytting på tvers av hjelpemiddelsentralane. Dette kan føre til at arbeidsoppgåver og ansvarsområde blir justerte i tråd med framtidige behov.
KvalifikasjonerVi ser etter deg som har
Bachelorgrad innan økonomi, administrasjon, rekneskap, revisjon eller tilsvarande relevant fagområde.
God kompetanse i Excel og andre digitale verktøy.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
Det er ønskjeleg at du har:
erfaring frå relevante arbeidsoppgåver innan økonomi- og verksemdsstyring, analyse, rapportering, internkontroll eller anna utviklings- og stabsarbeid.
minst 2-3 års relevant arbeidserfaring.
erfaring frå offentleg verksemd
Personlige egenskaperVi ser etter deg som er:
strukturert,og analytisk
oppteken av kvalitet
sjølvstendig og initiativrik
proaktiv og lærevillig
fleksibel og løysingsorientert
tillitsskapande og relasjonssterk
gode på samarbeid og kommunikasjon
tydeleg og trygg formidlar
komfortabel med både strategiske og operative oppgåver
Vi vil leggje stor vekt på personleg eignaheit
Vi tilbyrOm du blir tilsett hos oss, får du:
Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver knytte til eit viktig samfunnsoppdrag
Engasjerte og dyktige kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
Fleksitidsordning
Moglegheit for trening i arbeidstida
Moglegheit for ein fleksibel arbeidskvardag med hybride løysingar
Tilsetting som rådgivar (stillingskode 1434)
Løn frå kr 639. 000 til kr 690. 000 per år
Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar gjennom Statens pensjonskasse
KontaktinformasjonBente Solheim, Controller , 40702814
Frode Hovland, avdelingsdirektør, 48108828
ArbeidsstadSteinavegen 12
6800 Førde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Nav
Referansenr.: 5163505905
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.