Bu- og avlastingstenesta har ledige stillingar som
Sunnfjord kommune Bu- og avlastningstenesta
- Arbeidssted
- SUNNFJORD, FØRDE, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 4. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 4
Stillingsdetaljer
Sunnfjord bu- og avlastingsteneste er ei døgnbemanna teneste som gir avlasting til familiar med særs krevjande omsorgsoppgåver. Vi søker deg som ønsker å gjere ein positiv forskjell i livet til barn og unge med funksjonsnedsetjingar.
Som tilsett hos oss får du ein meiningsfull og variert arbeidskvardag, der relasjonsbygging, fagleg utvikling og samarbeid står sentralt. Delar av stillinga kan omfatte arbeid i heim, inkludert nattevakter.
Vi har ledig:4 faste stillingar i 100 % som autorisert helsefagarbeidar
Arbeidstida er organisert i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg.
Hos oss er fagleg kvalitet viktig. Du vil vere ein aktiv del av arbeidet med å planleggje, gjennomføre og evaluere tiltak for det enkelte barnet eller ungdommen. Vi utarbeider tiltaksplanar i tett samarbeid med føresette, barn, ungdom og aktuelle samarbeidspartar.
Vi legg vekt på tillit, sjølvstende og fagleg refleksjon, og vi gir rom for at du i stor grad kan vere med og påverke eigen arbeidskvardag.
Arbeidsoppgåver:legemiddelhandtering
primærkontaktansvar
skape trygge og føreseielege dagar gjennom struktur, omsorg og gode relasjonar
planleggje og gjennomføre aktivitetar tilpassa den enkelte sine behov og føresetnader
samarbeide med føresette og interne og eksterne samarbeidspartar
planleggje, følgje opp, evaluere og oppdatere tiltak
journalføre i CosDoc
praktiske oppgåver som matlaging, klesvask og anna førefallande arbeid
delta i ansvarsgrupper ved behov
Kvalifikasjonar:norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
førarkort klasse B
god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
evne til å arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
interesse for fagfeltet og motivasjon for å arbeide med barn og unge
personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt
Det er ein fordel om du:er tolmodig, trygg og omsorgsfull
trivst med ein variert arbeidskvardag med både høgt tempo og rolege periodar
bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
deler kunnskap og erfaringar med kollegaer
Vi tilbyr:ein meiningsfull jobb der du kan gjere ein forskjell i kvardagen til barn og unge
eit inkluderande, fagleg sterkt og utviklingsorientert arbeidsmiljø
varierte arbeidsdagar med aktivitet, meistring og glede
gode pensjons- og forsikringsordningar
moglegheit for fagleg utvikling og påverknad i eigen arbeidskvardag
Gyldig politiattest må leggast fram før tiltreding.
Velkomen som søkar! Vi ser fram til å høyre frå deg
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.