Rådgiver
Hjelpemiddel, Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen
- Arbeidssted
- BERGEN, KOKSTAD, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 27. sep. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du vere med å gjere ein forskjell?
Nav bilsenter Vest-Norge har ledig eit vikariat i 60 % stilling som rådgjevar, med oppstart så snart som mogleg.
Vi ser etter deg som brenn for gode tenesteopplevingar og ynskjer å bidra til Nav sitt viktige samfunnsoppdrag.
Nav bilsenter Vest-Norge er lokalisert ved Nav hjelpemiddelsentral på Kokstad i Bergen. Her jobbar om lag 120 tilsette. Nav hjelpemiddelsentral har eit overordna ansvar for forvaltning og formidling av tekniske hjelpemiddel for personar med funksjonsnedsetting, rådgjeving innan hjelpemiddel og tilrettelegging på arbeidsplassen, og tolketenester for døve og døvblinde.
Vi er organisert under Nav hjelpemiddel og tilrettelegging, som består av ca. 1300 tilsette og 14 hjelpemiddelsentralar på landsbasis. Vi er eit ressurs- og kompetansesenter med brei kunnskap om ulike funksjonsnedsettingar og korleis tilrettelegging, hjelpemiddel og teknologi kan fremje funksjon, aktivitet og samfunnsdeltaking for alle. Tilsette ved hjelpemiddelsentralen har brei fagleg bakgrunn og vi løyser oppgåvene gjennom tett tverrfagleg samarbeid. Vi gjev bistand til brukarar, kommunar, arbeidsgivarar og andre samarbeidspartnarar gjennom rådgjeving, opplæring og tilrettelegging.
ArbeidsoppgaverOppgåver i stillinga vil vere
rettleiing av brukarar, terapeutar og andre eksterne samarbeidspartnarar
kartlegging av tekniske løysingar og spesialutstyr i bil
samarbeid med bilombyggarar i regionen.
utarbeiding av minikonkurransar knytt til ombygging av bil
Hjelpemiddelområdet i Nav er i stadig endring, og det kan kome endringar i oppgåver og ansvarsområde.
KvalifikasjonerDu må ha
fagbrev innan bilområdet
teknisk kompetanse
førarkort klasse B
Vi ynskjer at du har
erfaring frå offentleg verksemd
erfaring knytt til tekniske løysingar
god kommunikasjonskompetanse munnleg og på begge skriftspråk
Personlige egenskaperVi legg stor vekt på personlege eigenskapar. Du må
identifisere deg med Nav sin visjon og verdiar
vere effektiv og meistre stort arbeidspress
kunne jobbe målretta og sjølvstendi
vere strukturert, serviceinnstilt og resultatfokusert
ha vilje og evne til samarbeid
Vi tilbyrOm du blir tilsett hos oss, får du
spennande, utfordrande og meiningsfylte oppgåver innan eit svært viktig samfunnsoppdrag
aktive og engasjerte kollegaer
fleksitidsordning
moglegheit for å trene i arbeidstida
moglegheit for hybrid arbeidskvardag
jobbe i trivelege lokale på Kokstad
god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
stillingskode 1434 rådgjevar med lønnsspenn frå kr 600.000,- til kr 643.000,-
Kontaktperson
Øivind Vabø, avdelingsleiar, tlf. 93 01 52 92, e-post oivind.vabo@nav.no.
KontaktinformasjonØivind Vabø, Avdelingsleiar, 93015292, Oivind.Vabo@nav.no
ArbeidsstedKokstaddalen 35
5257 Kokstad
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5179544064
Stillingsprosent: 60%
Vikariat
Søknadsfrist: 27.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.