Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Barnehagelærar/pedagogisk leiar

Herøy kommune, Seksjon barnehage

Arbeidssted
HERØY (MØRE OG ROMSDAL), FOSNAVÅG, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
13. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vi søker ein dyktig og engasjert barnehagelærarar/pedagogisk leiar til Herøy kommune. Her får du moglegheita til å vere ein viktig del av barna si utvikling der leik, læring og omsorg går hand i hand. Vi legg vekt på arbeid med trygt og inkluderande barnehagemiljø, i tillegg til alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK). Vi driv eit aktivt utviklingsarbeid. Med basis i nasjonal og lokal rammeplan legg vi særskilt vekt på språkutviklinga til barna, og ser dette i ein heilskapleg samanheng med lesing i grunnskulen. Vi har ledig eit 100 % vikariat som barnehagelærar/pedagogiske leiar i for tida Myrsnipa barnehage i perioden 01.01.2027 - 31.07.2027. Vi ser fram til å motta søknaden din! Arbeidsoppgåverleie og/eller ta del i arbeidet med å skape gode lærings- og arbeidsmiljø legge til rette for eit godt samarbeid med foreldra og andre involverte partar i barnehagen legge til rette for eit utviklande og inkluderande leikemiljø leie og/eller ta del i pedagogisk utviklingsarbeid skape gode kvardagar for små og store på di avdeling og heile barnehagen tverrfagleg samarbeid Kvalifikasjonargodkjend utdanning som barnehagelærar eller førskulelærar dersom vi ikkje får kvalifisert søkar med kompetansekrav barnehagelærar, kan barne- og ungdomsarbeidar verte vurdert for stillinga gjerne rettleiingskompetanse ein trygg og tydeleg leiar som inspirerer både barn og kollega evne til å skape eit inkluderande og trygt miljø for alle kunnskap om den autoritative vaksenrolla kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg god digital kompetanse For arbeid i barnehage er det krav om bestått norskprøve i tråd med føringar i Lov om barnehagar § 27. Godkjent politiattest av nyare dato må leggast fram før tilsetting. Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.  Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden. Personlege eigenskaparer engasjert, målretta, fleksibel og lærevillig tek initiativ til samspel og aktivitet overfor både barn og kollega ser verdien av tverrfagleg samhandling god på samhandling og kommunikasjon, i tillegg til at du meistrar å arbeide åleine ser løysingar på utfordringar oppteken av å skape ein god kvardag for barna Vi legg vekt på personlege eigenskapar og referansar. Den formelle formelle kompetansen og ansienniteten din vert også vektlagt. Vi tilbyrfagleg utvikling i eigen barnehage og felles i kommunen eit støttande og positivt arbeidsmiljø varierte og utfordrande arbeidsoppgåver god oppfølging av nytilsette god pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP IA-bedrift Herøy kommune er omfatta av ordning for sletting av studielån med 25 000,- per år. Sjå www.lanekassen.no for utfyllande informasjon og vilkår. Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort. KontaktinformasjonElisabeth Warpe, Avdelingsleiar barnehage, +47 97942299 ArbeidsstadRådhusgata 7 6090 Fosnavåg Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Herøy kommune Referansenr.: 5198916311 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 01.01.2027 Sluttdato: 31.07.2027 Søknadsfrist: 13.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.