Terna bustad
Øygarden kommune Terna bustad
- Arbeidssted
- ØYGARDEN, STRAUME, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 4. nov. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om avdelinga:Terna bustad ligg på Rong og gjer tenester til 2 personar med psykisk utviklingshemming med ulike bistandsbehov.
Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, sjølvråderett, tillitsskapande arbeid og meistring er viktig. Vi er ein tverrfagleg personalgruppe med vernepleiarar, sjukepleiarar, andre høgskuleutdanna, helsefagarbeidarar og assistentar.
Vi har no ledig ein 25% fast helgestilling. Stillinga er ledig frå 01.01.2027.
Arbeidsoppgåver:Målretta miljøarbeid
Medikamenthandtering – kan bli vurdert
Bidra til utvikling av tenesta og eit godt arbeidsmiljø
Dokumentasjon i fagjournal
Kvalifikasjonar:Ønskjeleg med fagbrev innan helse eller studentar i helsefag/sjukepleie
Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
Gode norsk kunnskapar, skriftleg og munnleg
Erfaring med atferd som utfordrer
Ønskjeleg med:Erfaring frå arbeid med brukargruppa
Vere kjend med elektronisk klientsystem
Sertifikat klasse B
Personlege eigenskapar:Du er fysisk og psykisk robust
Fleksibel og løysingsorientert
Gode etiske og faglege haldningar
Evne til å arbeide målretta og strukturert, sjølvstendig og i team
Respekt og engasjement for brukargruppa
Positiv og bidreg til eitt godt arbeidsmiljø
Du er lærelysten og tek ansvar
Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagt
Anna:Dersom du er under høgare utdanning som sjukepleiarstudent, vernepleiarstudent, legestudent vert du etter lokal avtale løna slik :
1. studieår kr 10.000 over sentral garantiløn
2. studieår kr 20.000 over sentral garantiløn
3. studieår kr 50.000 over sentral garantiløn
Du må dokumntere kor langt du er komen i studiet
Gyldig politiattest må førevisast dersom ein blir tilsett
Vi tilbyr:Gode pensjons- og forsikringsordningar
Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
Interessante utfordringar
Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Avdelingsleiar: Heidi Børresen
e-post: heidi.borresen@oygarden.kommune.no
tlf.: 940 04 786
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.