Vieåsen barnehage har ledig stilling som
Sunnfjord kommune Vieåsen barnehage
- Arbeidssted
- SUNNFJORD, FØRDE, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 20. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du være med å lage eventyrlege barnehagedagar for barna våre? Då må du sjå her!
Sunnfjord kommune driv 16 kommunale barnehagar og vi vil tilby eit godt og brukartilpassa barnehagetilbod. Vårt mål er trygge barn som trivast. Vi ønsker å gje dei gode vilkår for leik, læring og utvikling. Til dette treng vi fleire med på laget.
Vi har ledig:100 % stilling som barnehagelærar der 60 % er fast stilling og 40 % vikariat frå 02.11.2026. Vikariatet gjeld barnehageåret 2026/2027
Vieåsen barnehage har 4 avdelingar, vi er 7 pedagogar.
Barnehagane kan tilby deg:god oppfølging av nytilsette
deltaking i team med sterk kultur for fagleg utvikling og læring
systematisk kvalitetsarbeid i ein lærande organisasjon
kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
gode pensjons- og forsikringsordningar
Kvalifikasjonar:du er utdanna som barnehagelærar
du er ein relasjonsorientert person som viser omsorg og ser kvart enkelt barn
du har gode evner til å leie barn
du kan arbeide sjølvstendig og har gode evner til samarbeid
du likar å bidra til å finne gode løysingar og skape utvikling
du likar å delta i leik med barna
beherskar godt norsk, både skriftleg og munnleg
godkjent politiattest
Vi har behov for tilkallingsvikarar også, så om det kan vere av interesse for deg så sender du ein søknad.
Kjenner du deg igjen i denne beskrivelsen håpar vi du vil søke på stilling hos oss.
For meir informasjon om dei ulike barnehagane sjå Sunnfjord kommune si heimeside.
Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
For meir opplysningar, ta kontakt med einingsleiar Sissel Elin Årdal mobil 95143280 eller epost sissel.elin.ardal@sunnfjord.kommune.no.
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.