Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Forskar II stilling innan protonterapi

Kreftklinikken/ Kreft medisinsk fysikk, Helse Bergen HF

Arbeidssted
BERGEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
22. sep. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vi lyser no ut forskar II-stilling knytta til forskingsaktiviteten innan protonterapi. Vi søker etter ein forskar med akademisk tilknyting og relevant forskingskompetanse innan protonterapi, som kan ha ei bistilling ved sjukehuset for å bidra til og vidareutvikle forskingsaktiviteten innan protonterapi. Stillinga lysast ut frå Kreftklinikken ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen, som er ein sentral aktør i nasjonal kreftbehandling og -forsking. Klinikken har lang erfaring med gjennomføring av kliniske studiar og deltar aktivt i utviklinga av nye behandlingsmetodar i samarbeid med Universitetet i Bergen og nasjonale og internasjonale partnarar.  ArbeidsoppgåverVi ønsker ein person som kan vere ein aktiv del av forskingsmiljøet ved Kreftklinikken og ha ei fast tilknyting til Protonbygget. Aktivitetane i stillinga vil kunne innebere fagleg utvikling, rettleiing, forskingsaktivitetar innan protonterapi og internt og eksternt samarbeid Stillinga gir rom for fleksibilitet, og arbeidsoppgåvene vil tilpassast kandidatens kompetanse og behov knytta til eksisterande stilling Oppstart og lønn etter avtale.  KvalifikasjonarAkademisk stilling innan medisinsk fysikk ved utdanningsinstitusjon Dokumentert forskingskompetanse innan protonterapi Kompetanse innan strålebiologi, dosimetri, programmering og modellering er ønskeleg Erfaring med programvare for doseplanlegging er ønskeleg Ferdigheiter i programmering og bruk av statistikkverktøy Dokumentert god publiseringserfaring Rettleiingserfaring Breitt internasjonalt nettverk innan protonterapiforsking Personlege eigenskaparGode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg Stor interesse og motivasjon for forsking Strukturert og sjølvstendig God arbeidskapasitet og gjennomføringsevne Bidrar til eit godt samarbeidsmiljø Vi tilbyrMoglegheiter for samarbeid med veletablerte nasjonale og internasjonale grupper innan stråleterapi og protonterapi Lønn etter gjeldande satsar  Pensjonsordning i KLP  Velferdsordningar og rabattar som gjeld alle tilsette  Søknad må innehalde Søknadsbrev Curriculum Vitae Publikasjonsliste Navn og kontaktinformasjon til referansar (namn, relasjon til søkar, e-post og telefonnummer)   Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonEinar Waldeland, Seksjonsleiar, 90825553 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5182143162 Stillingsprosent: 10% Fast Søknadsfrist: 22.09.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.