Tannlege
IDI-TH - Norheimsund/Odda klinikkområde, Vestland fylkeskommune
- Arbeidssted
- KVAM, NORHEIMSUND, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 11. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Ved Norheimsund tannklinikk er det ledig 100% vikariat som Tannlege.
Ledig frå 10.12.26-31.12.27
Norheimsund tannklinikk er ein klinikk for 3 tannlegar, 3 tannpleiarar og sekretærer. God pasienttilgang og varierte arbeidsoppgåver.
Norheimsund er et tettsted og administrasjonssenteret i Kvam herad i Vestland fylke. Tettstedet har 2 366 innbyggere per 1. januar 2025, og ligger 74 km fra Bergen langs riksvei 7 på nordsida av Hardangerfjorden. En av de mest kjente fossene i landet, Steinsdalsfossen, ligger i Norheimsund.
Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.
Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.
Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.
ArbeidsoppgåverDu utfører klinisk arbeid for alle pasientgrupper, inklusiv vaksne betalande pasientar.
Du held deg fagleg oppdatert og følger gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt
jobber for å nå måla til Vestland tannhelseteneste.
Du deltar i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling, samt andre felles oppgåver for drift av klinikken.
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som tannlege
Behersker norsk som arbeidsspråk, skriftleg og munnleg
Godkjend politiattest
Personlege eigenskaparDu likar å arbeide med menneske og har alltid pasienten i fokus.
Du kan samhandle med ulike pasientgrupper. Du kommuniserer godt og har evne til å skapa gode relasjonar til pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartar. Du trivst med å jobbe i team og er aktivt med på å skape eit godt arbeidsmiljø.
Du arbeider systematisk, strukturert og planmessig for å nå måla våre.
Du er nysgjerrig og interessert i fagleg utvikling, du deler også kompetanse med andre.
Vi tilbyrEin meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar
Eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
Etterutdanning og kurs for fagleg og personleg utvikling
Løn etter avtale, for nyutdanna er årsløna for tida kr 660.000,-
Gode offentlege pensjons - og forsikringsordningar
KontaktinformasjonLinda Stadheim Valland, klinikkleiar (tannlege), 45485176
Margareth Simonsen Råen, områdeleiar tannhelse, 99021332
ArbeidsstadGamle Dalavegen 15
5600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5165176357
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 02.11.2026
Søknadsfrist: 11.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.